Studentutstilling: Forfall

Kvart år lagar masterstudentar ved Museologi og Kulturarvstudier ei utstilling på Historisk museum i samarbeid med Kulturhistorisk museum. Årets utstilling opnar 19. februar.

Bildet kan inneholde: vegg, lys, bygning, vindu, hus.

Foto: Fredrik Rustøen

I år er omgrepet forfall tema for utstillinga. Forfall er nedbryting og død, men det legg også grunnlaget for nytt liv. Nokre er fascinert av det, medan andre fryktar det. Denne utstillinga ser nærmare på dette omgrepet.

Kva er forfall for deg? Er det utelukkande noko ein bør forhindre? Eller bidreg også forfall til ei utvikling av samfunnet rundt oss? Denne utstillinga reflekterer over dette ordet som kan bety så mangt.

Les meir om utstillinga

Publisert 17. feb. 2020 14:25 - Sist endret 14. des. 2020 08:56