English version of this page

Forvaltning av kulturminner

Kulturminneforvaltning

Kulturhistorisk museum er fagleg rådgjevar for Riksantikvaren, fylkeskommunar og andre instansar i kulturminnevernet. Museet uttalar seg om kulturminners kjeldeverdi basert på vitskapelege kriterier og forskingsstatus. Kjeldene blir tatt vare på gjennom arkeologiske utgravingar. Forsking og faglig utvikling står sentralt og er nedfelt i satsingsområde.

Feltarkeologi

Kulturhistorisk museum gjennomfører kvart år ei rekkje større og mindre arkeologiske undersøkingar i dei fem sør- og austlandsfylka, Agder, Innlandet, Oslo, Vestfold og Telemark, og Viken. Undersøkingane kjem i stand når private og offentlege utbyggingstiltak kjem i konflikt med kulturminne. Er kulturminnet eldre enn frå år 1537 kallast det eit fornminne, og er automatisk freda.

Spørsmål om eigendomsrett til museumsgjenstandar

Kulturhistorisk museum skal forvalte gjenstandar og samlingar på ein ansvarsfull måte. Museet ønskjer spørsmål om tilgang og eigarskap til samlingar og gjenstandar (repatriering) velkomen, og kan også sjølv ta initiativ til dialog og samarbeid der det er aktuelt.

Vern mot ulovleg import og eksport av kulturminne

Kulturhistorisk museum er nasjonal vedtaksinstitusjon for eksport av arkeologiske og etnografiske gjenstander. Museet er også sakkyndig i saker der det er mistanke om ulovleg import av kulturminne.

Metallsøking

Kulturhistorisk museum har utarbeidd ei eigen rettleiing for privat metallsøking, ein Mønsterpraksis, som er tilgjengeleg her. Vi er opptatt av at det skal vera eit godt samarbeid mellom metalldetektoristane og kulturminneforvaltinga, og unngå skadelege inngrep i kulturminne og brot på kulturminnelova.

Vil du melde om eit funn?

Har du funne noko som kan vera eit kulturminne?

Arkeologiske funn

Vi oppdaterar ikkje lenger oversikten over nye funn frå publikum, men du kan sjå arkivet over tidlegare funn her.

Les meir