English version of this page

Eksport og import av kulturminne

Kulturhistorisk museum er nasjonal vedtaksinstitusjon for eksport, og sakkyndig i saker som handlar om ulovleg import av arkeologiske og etnografiske gjenstandar.

Bildet kan inneholde: dekk.

Falsk kileskrifttavle frå Mesopotamia, forsøkt ført inn i Noreg i 2011.

Eksport

Kulturminnelova regulerer utførsel av kulturgjenstandar frå Noreg. Målet er å verne vår kulturarv og historie ved å hindre at viktige kulturminne blir ført ut av landet ulovleg, og ved å sikre god dokumentasjon på gjenstandane som blir eksportert på lovleg vis.

Ein må søkje om eksportløyve for arkeologiske gjenstandar, inkludert myntar eldre enn 1537, og for etnografiske gjenstandar eldre enn 1900. Det er i tillegg utarbeidd ei oversikt over enkelte nyare myntar, medaljar, pengesetlar og ordenar av nasjonal verdi som ein må særskild søkje om (jf. eigen liste i forskrift til Kulturminnelova).

Import

Dersom ein ynskjer å ta med ein kulturgjenstand inn i landet må ein ha eit gyldig eksportsertifikat dersom utførselslandet krev det. Målet er å hindre ulovleg omsetnad av kulturgjenstandar. Handelen med ulovlege kulturminne har blitt eit omfattande problem globalt. Noreg er forplikta av internasjonalt avtaleverk til å bidra til å avgrense slik handel og bevegelse av ulovlege kulturgjenstandar.

UNESCO har laga ei oversikt som regulerer kva som er lovleg og ulovleg å ta med ut av respektive land rundt omkring i verda. Dersom ein planlegg å kjøpe kulturgjenstandar i utlandet har ein plikt til å setje seg inn i utførselslandets lovverk på området før gjenstandane blir frakta ut.

Kontakt

Les meir

Publisert 13. nov. 2012 18:24 - Sist endra 9. feb. 2021 09:41