English version of this page

Kulturminneforvalting

Kulturhistorisk museum har ansvaret for å gjennomføre arkeologiske utgravingar av kulturminne som er eldre enn Reformasjonen (år 1537) i dei fem fylka på Sør- og Austlandet.

Eit sjeldan funn av ei fragmentert steinhakke, tidfesta til eldre steinalder. Bergarten er omhyggeleg slipt og viser eit meisterleg handtverk. Foto: Tina J. Granados, Kulturhistorisk museum.

Funn av ei fragmentert steinhakke, tidfesta til eldre steinalder (ca. 5700 til 7500 år f.Kr.), frå Rugtvedt i Bamble, Telemark. Steinhakker er sjeldne og var i si samtid ikkje allemannseige. Hakker og køller av stein, bein og gevir gir assosiasjonar til menneskeleg anatomi og til kroppsdelar på dyr. Denne type storreiskapar vert kopla til individ med spesielle roller i samfunnet, gjerne i maktposisjonar. Hakker og køller kan ha hatt ulike funksjonar både praktiske så vel som symbolske. Tekst og foto: Tina J. Granados, Kulturhistorisk museum.

Roller, ansvar og myndigheit

Kulturhistorisk museum samarbeider med og gjev faglege råd til Riksantikvaren, Sametinget, fylkeskommunar og kommunar. Vi vurderer søknader om løyve til inngrep i automatisk freda kulturminne basert på vitskapeleg kjeldeverdi og utarbeider ein plan for undersøkinga. Dersom Riksantikvaren gjev løyve til inngrep i kulturminnet, er det Kulturhistorisk museum som utfører utgravinga. Formålet er å sikre det vitskapelege kjeldematerialet før det går tapt. Dette er ei lovpålagt oppgåve. Utbyggjar betaler undersøkinga, men utgifter til mindre private tiltak kan bli dekt av Staten. Ei utgraving er slik ein del av forvaltninga, men blir alltid utforma med sikte på å svare på førehandsformulerte, forskingsaktuelle spørsmål.

Ansvar og myndigheit etter kulturminnelova er regulert i Forskrift om fastsetting av myndighet mv. etter kulturminneloven (Lovdata). Fylkeskommunen har ansvaret for kulturminnevernet i fyrste instans. Alle spørsmål om faste og lause kulturminne skal rettast til fylkeskommunen som sender dei vidare til rette myndigheit. 

Forsking og fagleg program

Kulturhistorisk museum har utarbeidd faglege program for delar av utgravingsverksemda. Desse skal vise kunnskapsstatus og identifisere sentrale problemstillingar for å sikre utgravingar av høg kvalitet. Programma skildrar prioriterte satsingsområde og skal vera eit hjelpemiddel ved vurdering av løyve til inngrep i kulturminne.

Programma er forankra i museets forskingsstrategiske plan, og er eit viktig utgangspunkt for forskingsaktiviteten ved museet. Vi har definert fire satsingsområde:

  • Den tidlegaste steinalderen (pionerbusetjing)
  • Gard- og jordbrukshistorie
  • Jernvinne og fangst
  • Bergkunst

Kulturminnelova

  • Dei eldste føresegnene om kulturminne finst i Gulatingslova frå 1100-tallet og Magnus Lagabøtes landslov frå 1274. Dagens Lov om kulturminner av 1978, nr. 50 og endringer til loven av 2018 byggjer på Lov om Fredning og Bevaring af Fortidslevninger vedtatt av Stortinget 13. juli 1905.
  • Lova seier at kulturminne eldre enn reformasjonen (år 1537) er automatisk freda. Grunngjevinga er todelt: Kulturminne er vitskapelege kjelder og har opplevingsverdi.
  • «Med kulturminner menes alle spor etter menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø, herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til. Med kulturmiljø menes områder hvor kulturminner inngår som del av en større helhet eller sammenheng,» står det i lova.

– Kvifor grev de ikkje der borte istaden?

Arkeologane veljer ikkje sjølve kva som skal gravast ut. Vi grev berre ut eit automatisk freda kulturminne viss det står i fare for å bli øydelagt av utbyggjing. Då er det Kulturhistorisk museum si oppgåve å gjennomføre ei arkeologiske utgraving og slik sikre dokumentasjon og kunnskap for ettertida om vår felles kulturarv.

Men vi grev ikkje alt: I samband med større planar, til dømes, gjer vi prioriteringar og konsentrerer oss om å grave dei kulturminna som har størst kunnskapspotensial. Eit kulturminne som ligg i nærleiken, men utanfor eit område regulert til utbygging, er ikkje truga. Det er framleis freda og blir derfor ikkje undersøkt.

Les mer

Av Karl Kallhovd, Frode Iversen, Tom Heibreen
Publisert 1. nov. 2012 14:55 - Sist endra 21. feb. 2023 10:30