Korleis melder eg i frå om eit arkeologisk funn?

Har du funne noko du trur kan vera eit kulturminne frå før 1537, eller ein mynt som kan vera frå før 1650, har du plikt til å melde i frå om funnet. Staten er eigar av alle slike kulturminne.

Staten eig kulturminne frå oldtid og mellomalder

Staten har eigedomsretten til såkalla lause kulturminne frå oldtid og mellomalder, det vil seie kulturminne som er eldre enn frå 1537, og myntar som er eldre enn frå 1650, jf.   Kulturminnelova av 9. juni 1978 . Kulturminne kan vera for eksempel våpen, reiskapar, smykke, skjelett, runeinnskrifter, myntar eller kyrkjeinventar.

Meld i frå om arkeologiske funn

Finn du lause kulturminne, har du plikt til å melde i frå om funnet til fylkeskommunens kulturminnevern. Det er forbode å omsetje oldsaker i Noreg.

Meld i frå om funn

Nedanfor finn du forklaring på nokre av punkta i funnskjemaet.

  • Askeladden id: Fylkeskommunen tildeler og legg inn id på funnskjemaet.
  • Innleveringsdato: Datoen då funnet blei innlevert til fylkeskommunen.
  • Oppgje funnstaden ut i frå faste terrengmerke: Dette punktet er ofte mangelfullt. Ein skal kunne finne tilbake til staden sjølv om ein aldri har vore der, og potensielt utan GPS. Derfor må ein oppgje mest mogeleg nøyaktig kvar funnstaden er ut i frå faste punkt/ landemerke (for eksempel: ”Buplassen ligg 30 m vest for nordvestre hjørnet av låven på Stubberud (24/3) og 65 m SØ for høgspentmast på skiljet mellom Stubberud og Torp (24/9)”. Eller: ”Funnet blei gjort 10 m S for våningshuset på Bakken (15/5) og 45 m SV for krysset mellom gardsveg inn til bruket og riksveg 7”).
  • Koordinatar, målemetode og vedlegg med kartavmerking: Koordinatar må førast inn i skjemaet, det rekk ikkje med Askeladden id. Målemetode må opplysast, det held ikkje med ”Målemetode: ukjend”. Er koordinatane for eksempel målt med GPS i felt eller lest av på digitale kart på kontoret?  Kart med avmerking av funnstaden som sikring i tilfelle feilregistrering kan leggjast ved.

Meld i frå om detektorfunn

Er du metalldetektorist og skal melde i frå om funn, sjå Riksantikvarens sider om metallsøking og Kulturhistorisk museums side om metallsøking

Riksantikvarens funnskjema ved detektorfunn

Funnskjemaet skal leverast inn saman med funnet til den fylkeskommunen som har ansvar for det området der funnet blei gjort. Det er viktig at grundig dokumentasjon følgjer med dei innleverte gjenstandane. Manglande dokumentasjon er eit stort problem og dersom dokumentasjonen er mangelfull i utgangspunktet, er dette noko som er svært vanskeleg å rette opp i etterkant.

Funnskjemaet som skal brukast ved detektorfunn er delt inn i tre delar. Den fyrste delen skal fyllast ut av finnar med informasjon om finnar og grunneigar, informasjon om gjenstanden, funndato, funnstad og funntilhøve. Den andre delen skal fyllast ut av fylkeskommunen med Askeladden id og dato for innlevering av funn. Den tredje delen skal Kulturhistorisk museum fylle ut med aksesjonsnummer, C-nummer og saksnummer.

    Finnarløn?

    I medhald av kulturminnelovas § 13 kan det tilkjennast finnarløn for funn av lause kulturminne. Finnarlønas storleik blir fastsett etter skjøn, og summen delast vanlegvis likt mellom finnar og grunneigar når desse er ulike personar.

    Riksantikvarens sider om finnarløn

    Det er Staten som er eig lause kulturminne, og privatpersonar har plikt etter lova å levere inn slike funn til myndigheitene. Finnarløn er ei påskjøning og kan ikkje reknast som eit reelt kjøp.

    Som mottakar av innleverte, lause kulturminne utarbeider Kulturhistorisk museum ei tilråding om finnarløn som blir sendt over til Riksantikvaren. På bakgrunn av denne tilrådinga fattar Riksantikvaren endeleg vedtak om det skal betalast ut finnarløn og kva sum. Riksantikvaren orienterar deretter finnar, grunneigar og Kulturhistorisk museum om avgjerda og utfører eventuell utbetaling.

    Dersom finnarløn blir tilrådd, blir den normalt sett til metallverdien når det gjeld gull- og sølvgjenstandar, med eit tillegg som ikkje må vera under 10 prosent av metallverdien. Når det er særlege grunnar, kan Riksantikvaren fastsetje ei lågare finnarløn. Tilrådd finnarløn kan også setjast høgare enn berre metallverdien, for eksempel kan bevaringstilstand, funntilhøve og kor unik gjenstanden er auke summen.

    Les meir

    Kontakt

    Spørsmål om funn kan meldast til:

    Publisert 27. nov. 2012 16:29 - Sist endra 5. mai 2020 11:00