English version of this page

Metallsøking

Privat metallsøking har fått eit stort omfang dei siste åra, og talet på funn frå metallsøking som blir levert til Kulturhistorisk museum har auka kraftig.

Bildet kan inneholde: gul, himmel, sletteland.

Privat metallsøking har fått eit stort omfang dei siste åra, og talet på funn frå metallsøking som blir levert til Kulturhistorisk museum har auka kraftig. Metallsøking er ikkje nemnt i kulturminnelova, men aktiviteten kan kome i konflikt med denne. Lovas formål er blant anna å verne kulturminne mot skadelege inngrep.

Riksantikvaren har utarbeidd felles nasjonale retningslinjer, og eit eige funnskjema, for detektorfunn. Dette finst på Riksantikvarens nettsider om metallsøking.   

Kulturhistorisk museum er opptatt av at det skal vera eit godt samarbeid mellom detektoristane og kulturminneforvaltinga, vi har derfor utarbeidd ei rettleiing for detektoristar, ein Mønsterpraksis, som eit supplement til Riksantikvarens retningslinjer.

[For information in English see here.]

Aktuell bok

Funn som blir gjort med metalldetektor er ein stadig større del av dei såkalla lausfunna. Boka Pløyejord som kontekst ser inngående på samanhengen mellom slike gjenstander og funntilhøva. Spørsmål som stillast er blant anna korleis det vitskapeleg materialet kan sikrast og kva som kan gjerast for å utnytte potensialet i dette betre. Antologien har bidrag frå 11 forskarar frå fire land.

Publisert 3. juni 2016 09:12 - Sist endra 18. nov. 2020 09:37