English version of this page

Kulturhistorisk museums policy for privat metallsøking

  • Museet ynskjer å støtte forsking som kan gje meir kunnskap om metallsøkingens gevinstar og utfordringar.
  • Museet er urolege for at metallsøking kan skade faste kulturminne, og rår derfor ifrå all metallsøking utanfor dyrka mark.
  • Museet reknar det som eit gode at lause kulturminne i pløyelaget blir sikra ved metallsøking.
  • Vi rår detektoristar til å følgje Riksantikvarens retningslinjer og Kulturhistorisk museums Mønsterpraksis for detektoristar.

Privat metallsøking har dei siste åra fått eit stort omfang, og talet på detektorfunn som blir levert til Kulturhistorisk museum har auka kraftig i dei seinare åra.

Metallsøking er ikkje nemnt i kulturminnelova, men aktiviteten kan kome i konflikt med lova dersom den fører til inngrep i automatisk freda kulturminne eller bryt med Statens eigedomsrett til lause kulturminne. Kulturhistorisk museum har oppgåva med å forvalte Statens eigedomsrett til lause kulturminne frå sitt geografiske ansvarsområde, det vil seie har ansvar for å registrere, katalogisere, konservere, ta vare på og gjera tilgjengeleg lause kulturminne, blant anna detektorfunn, på ein forsvarleg måte.

Som forskings- og kulturinstitusjon har Kulturhistorisk museum til oppgåve å forvalte og utvikle samlingane som det kollektive minnet til samfunnet og arkiv for forskinga, ei uuttømmeleg kjelde til kunnskap (jf. St.meld. nr. 15 (2007-2008): Tingenes tale – Universitetsmuseene). Kulturhistorisk museum skal vera ein premissleverandør i kulturminneforvaltinga og ein tydeleg aktør i det offentlege rom. Museet skal vera ein arena for eit breitt og demokratisk publikumsengasjement og skal vise anerkjenning og respekt i møte med publikum.

Kulturhistorisk museum meiner at privat metallsøking har verne-, formidlings- og forskingsmessige gevinstar, samtidig som det stiller kulturminnevernet ovanfor utfordringar – sjå tabellen.

Gevinstar

Utfordringar

A. Metallsøking bringer inn ei stor mengde gjenstander av vitskapleg verdi i museets samlingar

E. Metallsøking kan føre til inngrep i automatisk freda kulturminne

B. Metallsøking kan påvise ukjende automatisk freda kulturminna

F. Lause kulturminne kan inngå i nasjonal eller internasjonal kulturminnekriminalitet

C. Metallsøking sikrar lause kulturminne frå pløyelaget

G. Proveniensopplysingar kan gå tapt

D. Metallsøking skaper engasjement for kulturminnevern og interesse for historie og arkeologi

H. Den store auken i detektorfunn er ei ressursmessig utfordring for kulturminnevernet

Enkelte av desse punkta veit vi mykje om, andre lite. Den forskingsmessige gevinsten (pkt. A–B) er stor. Ei omfattande og akselererande nedbryting av lause kulturminne i pløyelaget er godt dokumentert i andre land og ein må rekne med at det same gjeld i Noreg (pkt. C). For andre punkt har vi mindre kunnskap. Skader på kulturminne (pkt. E) er dokumentert i enkelttilfelle, men det manglar representative data. Det same gjeld pkt. D, F og G. For å skaffe eit betre kunnskapsgrunnlag, vil Kulturhistorisk museum fremje forsking på omfanget av skader på faste kulturminne, og også faste kulturminne under pløyelaget, som skjer på grunn av metallsøking.

Den store mengda detektorfunn som kjem inn til museet, byr på ressursmessige utfordringar for Kulturhistorisk museum (pkt. H). Medan det ved utgravingar som er finansiert av tiltakshavar ligg inne midlar til konservering og katalogisering av gjenstandsfunn, følgjer det ingen midlar med detektorfunna. Dermed legg dei føringar for museets disponering av eigne ressursar. Sakshandsaming og konservering etter dagens standard krev store ressursar. Kulturhistorisk museum ser på mogelegheitene for å effektivisere gjenstandsregistreringa for denne type funn, men vil også jobbe strategisk for at museets basisfinansiering blir tilpassa den nye situasjonen med store funnmengder. Vi vil arbeide for at forskingspotensialet i detektorfunn blir utnytta i forskinga og at forskinga styrer innsamlinga.

På grunn av faren for å gjera inngrep i automatisk freda kulturminne rår vi sterkt ifrå å søkje i utmark. Ettersom nedbrytinga av lause kulturminne i pløyelaget er godt dokumentert, ser Kulturhistorisk museum det som eit gode at gjenstandar frå pløyelaget blir sikra gjennom metallsøking.

Sidan metallsøking i utgangspunktet er ein lovleg aktivitet i Noreg, vil Kulturhistorisk museum arbeide for å fremje ein best mogeleg praksis for privat metallsøking. Denne er skildra i dokumentet Mønsterpraksis for detektoristar. Kulturhistorisk museum vil utvikle og oppdatere råda i takt med ny kunnskap. I arbeidet med å fremje ein best mogeleg praksis vil Kulturhistorisk museum ha ei imøtekomande og rettleiande rolle ovanfor detektoristar og deira organisasjonar. Ved mistanke om brot på Lov om kulturminne, vil Kulturhistorisk museum aktivt samle dokumentasjon. Dersom det er grunnlag for det, vil vi samarbeide med fylkeskommunane om å melde forholdet.

Riksantikvaren har gjennom sine retningslinjer utarbeidd eit felles nasjonalt rammeverk for metallsøking, som vi rår alle fylkeskommunar og detektoristar å leggje til grunn for sin praksis. Dersom du ynskjer å bruke metallsøkar på kjende automatisk freda kulturminne, kan du søkje om løyve til dette etter kulturminneloven § 8 første ledd. Søknad skal sendast til fylkeskommunen.

Publisert 3. juni 2016 09:12 - Sist endra 18. nov. 2020 09:39