Undersøkingane blir utført av ferdig utdanna og erfarne arkeologar, og arkeologistudentar frå inn- og utland. Vi nyttar oss også av spesialistar innanfor ulike fagområde ved behov, for eksempel innan palynologi (pollenanalyser) og osteologi (skjelettmateriale). Feltsesongen er normalt frå april/mail til oktober/november.
Prøver og gjenstandar blir registrerte, analyserte og konserverte. Dokumentasjon og gjenstandsfunn blir innlemma i arkiv og samlingar og gjort tilgjengeleg for forsking og formidling. Arkeologane arrangerer gjerne omvisingar på utgravingane for skuleklasser, historielag og andre foreiningar i nærmiljøet. Ved dei største utgravingane blir det arrangera opne publikumsdagar som blir kunngjort lokalt i god tid på førehand. Mange undersøkingar blir dessutan omtala i media – i aviser, radio og TV, og på nett.
Typar av undersøkingar
Forvaltningsundersøkingar etter §8 i Lov om kulturminne er hovudtyngda av museets arkeologiske utgravingar og blir utført når nye byggjeprosjekt kjem i konflikt med kulturminne. Føremålet er å sikre desse som kjelder til forsking og formidling.
Museet utfører også forskings- og sikringsgravingar i sitt museumsdistrikt (§11). Forskingsgravingar er drive fram av nysgjerrigheit og er knytt til vitskaplege problemstillingar, medan sikringsgravingar blir utført når kulturminne står i fare for å bli øydelagt av ulike årsaker, for eksempel etter flaum.
Korleis er det å vera feltarkeolog?
Carine Sofie Rosenvinge, arkeolog ved Kulturhistorisk museum, deler nokre av sine inntrykk og erfaringar frå yrket sitt.