Arkeologisk feltarbeid 2021

Utgraving i Sponvika ved Svinesund i Halden kommune, Viken.

Utgraving av buplass frå slutten av eldre steinalder i Sponvika ved Svinesund i Halden kommune, Viken. Nær 2100 funn blei gjort, blant anna 10 tverregga pilspissar. Denne spisstypen er ein leieartefakt for perioden. Det meste av funnmaterialet var av flint. Funn av knakkesteinar syner at det har vorte produsert reiskapar på staden. Tilhaldsstaden har truleg ligge ved dåtidas strandlinje, det vil seie 35-38 m høgare enn dagens havnivå, og i tida ca. 4600-3800 f.Kr. Mathilde Møll Arnli (bakarst) og Hayriye Özcan vassoldar dei utgravne massane for lettare å sjå og finne det arkeologiske materialet. Foto: Birgitte Bjørkli, Kulturhistorisk museum/ UiO.

Feltutlysing

Utlysinga til feltsesongen 2021 finner du lenke til her. Send inn søknaden så fort du kan for å kome tidlegast mogeleg i betraktning.

Generelt om feltsøknaden

Dersom du er kvalifisert kan du søkje feltarbeid. Vi ser i utgangspunktet på alle søknader som generelle, det vil seie at dei vil gjelde for alt feltarbeid som kjem i løpet av det tidsrommet du har oppgitt at du kan arbeide. Ein kan likevel kome med spesielle ynske. Stillinga som feltleiar, og av og til også for assisterande feltleiar og feltassistent, inneber for- og etterarbeid. Hugs å leggje ved ein lettforståeleg CV og eventuelt andre dokument (avgrensa mengde og filstorleik).

I samband med tildelinga av arbeidet vil det bli gjort ei lønnsplassering. Relevant arkeologisk tenesteansiennitet må derfor dokumenterast. Alle personopplysingar blir handsama konfidensielt, og blir berre brukt i samband med midlertidig arbeid ved Kulturhistorisk museum. Send e-post dersom det er oppdateringar av betyding som du vil gje beskjed om. E-postane blir mottatt og registrert, men av kapasitetsgrunnar svarar vi ikkje alltid. Dersom du ikkje har tilgang til nett/e-post kan du ringe +47 22 85 19 22.
Dei som får tilbod om deltaking på prosjekta vil bli kontakta.

Feltsesongen strekkjer seg normalt frå slutten av april til ut oktober, men feltarbeid kan også bli utført utanfor dette tidsrommet. Tilsetjingar skjer gjennom heile sesongen. Tilbod om arbeid blir formidla direkte til den enkelte.

E-post: arkeologi-adm@khm.uio.no
Telefon: +47 22 85 19 22

Oversikt over feltarbeid

Følg linken til oversikter over feltarbeid.

Av Stine A. Melvold, Tom Heibreen
Publisert 19. feb. 2019 13:54 - Sist endra 1. mars 2021 09:15