Arkivet ved Kulturhistorisk museum forvaltar fleire ulike historiske arkivsamlingar og fagarkiv, i tillegg til daglegarkivet. Vi tek imot førespurnader frå interesserte brukargrupper som forskarar, studentar, historielag, privatpersonar, presse og offentlege instansar, i tillegg til museets tilsette.
Topografisk arkiv
Arkivet inneheld informasjon, original dokumentasjon og saksbehandling rundt forvalting og utgraving av arkeologiske kulturminne og funn. Arkivet sorterast ut ifrå ein topografisk nykel, etter fylke, kommune, gard og/eller gardsnummer.
Etnografisk arkiv
Etnografisk arkiv inneheld dokumentasjon frå innsamling av etnografiske gjenstandar, brev, teikningar og dagbøker frå antropologiske reiser. Arkivet inneheld også journalar over korrespondanse og katalogar over dei etnografiske samlingane.
Myntkabinettets arkiv
Myntkabinettets arkiv inneheld dokumentasjon, korrespondanse og katalogar over gjenstandar i samlinga, anten dei er funne, kjøpt inn til, eller gjeve til myntkabinettet.
Middelalderarkivet
Middelalderarkivet er topografisk inndelt etter fylke og kommune og inneheld saksarkiv, dokumentasjon, fotokort og korrespondanse om museets middelaldersamlingar, hovudsakeleg knytt til by- og kyrkjegolvsundersøkingar, samt bygningselement og kyrkjekunst.
Fotoarkivet
Kulturhistorisk museum forvaltar eit omfattande arkiv med meir enn 500.000 bilete, fyrst og fremst av museets samlingar. Museet har også fotografi av faste fornminne, arkeologiske utgravingar, og fotosamlingar etter blant andre Roald Amundsen og Carl Lumholtz. Arkivet inneheld også antropologiske feltfotografi. Sjå også Universitetsmuseas fotoportal.
Runearkivet
Runearkivet inneheld dokumentasjon- og forskingsarkivalier, og forvaltingsarkiv for runegjenstandar i museets arkeologiske samling eller frå museets forvaltingsdistrikt. Drifta av Runearkivet omfattar i dag også bibliografi om runer.
Kontakt oss
- postmottak@khm.uio.no
- 22 85 19 00
- Arkivbestilling
Besøksadresse
Historisk museum, Fredriksgate 2, 1. etasje
Åpningstider
Etter avtale
Arkivbloggen
Arkivarene presenterer smakebiter fra arkivet!
Norges dokumentarv
Dokumenter fra arkivet ved Kulturhistorisk museum er innlemmet i Norges dokumentarv.