Arkivet hjå British Museum

Vegen fram var vrien og det er ikkje sikkert at vi hadde funne vegen ut på eiga hand, men gjennom kjellaren, under hovudbygningane og det som i løpet av den andre verdskrigen også hadde vore bomberom, vart vi leda fram mot målet – arkivet hjå British Museum.

Bildet kan inneholde: bygning, arkitektur, landemerke, turistattraksjon, fasade.

Då vår seksjon skulle reise til London på studietur, var det ein plass som toppa alle lister, nemleg British Museum. Vi i arkivet ynskte å sjå korleis våre kollegaer i London arbeidde og korleis dei forvalta og formidla innhaldet i sine arkiv. Vi var så heldige å få i stand ein avtale med Francesca Hillier, som er arkivar ved museets sentralarkiv og ho lova å gje oss ein omvising i dei historiske arkiva og i samlingsarkivet for Britain, Europe and prehistory

Store delar av det historiske arkivet vert oppbevara i kjellaren til museet. Denne samlinga inneheld mykje av dei administrative dokumenta frå museets spede byrjing. Frå ein boks på nedste hylle pakka arkivaren opp sjølve grunnlaget for British Museum – pergamentbrevet kor Sir Hans Sloane, etter sin død i 1753, donerar si samling på meir enn 71 000 gjenstandar til kong Georg II med ei avtale om at staten skulle betale arvingane ein kompensasjon på 20 000 pund.  

Pergamentbrevet kor Sir Hans Sloane donerar bor si gedigne private samling til kong George II mot ein kompensasjon til arvingane. Foto: Kulturhistorisk musem, UiO / Anne Britt Halvorsen

Vi fikk også sjå dei handskrivne utkasta til dei aller fyrste billettane, bevart i referata frå bustyrarane. Inngangen var gratis, men ikkje alle hadde moglegheit til å få tak i ein billett. Billetten måtte søkjast om på førehand og det vart forventa at dei besøkjande hadde ei anstendig og velordna framtoning, elles kunne ein verte vist bort av vaktene.

Eit av utkasta til dei fyrste billettane for inngang til British Museum. For å få tak i ein måtte det søkjas skriftleg på førehand. Foto: British Museum

Det viste seg at det ikkje berre var dokument som vert teken vare på i arkivet. Saman med teikningar av museumsbygningane, søknadar om besøk til museets bibliotek – deriblant Bram Stoker og Oscar Wilde - fikk vi sjå ei sprengd bombe som dei trur var ei av dei som hadde treffe museet under andre verdskrigen og årsaka store skadar.

Frå sentralarkivet i museets kjellar vart vi førde opp i etasjane, via tronge gangar og smale trapper – noko som var ei oppleving i seg sjølv. Vi hadde bedd arkivaren om å få sjå samlingsarkivet til Europe, Britain and prehistory, som truleg er den samlinga som liknar mest på det topografiske arkivet vi forvaltar ved vårt museum. For den av oss som har bakgrunn frå arkeologien var nok samlingsarkivet til og dokumentasjonen frå Sutton Hoo utgravinga, som nær fylde eit helt rom, toppen av kransekaka.

 

galleri
Emneord: British Museum, Sir Hans Sloane
Publisert 4. mars 2016 09:43 - Sist endra 9. sep. 2020 10:04