Dagbøker frå den syklande arkeologen - Elizabeth Skjelsvik

Om det finst ein arkeolog som verkeleg har vore kjend for folk ute i distrikta, må det være Elizabeth Skjelsvik. Ho registrerte kulturminner fyrste gong i 1948, og seinare hadde ho ansvar for dei arkeologiske registreringane for Økonomisk Kartverk ved Universitetets Oldsaksamling. I dei fyrste åra brukte ho ofte sykkel for å ta seg fram. I arkivet har vi fleire av Skjelsvik sine dagbøker frå hennar utstrakte arkeologiske reiser på Austlandet i perioden 1948-1958.

Eit portrett av Elizabeth Skjelsvik, teken på Isegran i Fredrikstad. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Leif Pedersen

Dei endelege rapportane frå Skjelsvik sine registreringar ligg i museets arkiv, men det er liksom noko eige med ei dagbok. Den er meir personleg og kanskje er det mogleg å finne att nokre tankar og vurderingar som ikkje vart med inn i den offisielle rapporten. Om ikkje anna kan vi kanskje bli betre kjend med Elizabeth Skjelsvik, sjølv om dette fyrst og fremst har vore arbeidsdagbøker.

I si yrkesaktive karriere ved det som den gong het Universitetets Oldsaksamling, hadde Skjelsvik ansvaret for registrering av kulturminner for det økonomiske kartverket (ØK). Ho var sentral i å definere metodikken for registreringane. I Nicolay nr 73 (1997) har ho fortalt om oppbygginga av ØK-registreringane og frå sine reiser rundt i museumsdistriktet både for å registrere og for å kontrollere registreringar gjort av andre. I ein artikkel frå 1977 slår ho fast at:

 

 

Ved registreringene for økonomisk kartverk er mengden av synlige, faste fornminner øket betydelig. I Østfold hvor arbeidet nu er avsluttet, er økningen således gjennomgående 50-60 %

 

Det er ingen tvil om at Elizabeth Skjelsviks arbeide har vore særdeles viktig for norsk arkeologi og kulturminnevern.

Dagbøker frå dagens arkeologiske feltarbeid vert også arkivert, saman med anna originaldokumentasjon og kanskje vert dei like interessante om nokre år.

Nedst i posten kan dykk sjå nokre bileter av dagbøkene hennar Elizabeth Skjelsvik og frå reisene hennar.

 

Galleri

 


Kilder:

  • Skjelsvik, Elizabeth 1977: "Arkeologisk kartlegging" i særtrykk av Kart og Plan nr. 2-1977, side 97-106.
  • Skjelsvik, Elizabeth 1997: "Systematiske registreringer av fornminner - blader av terrengavspaserernes historie II" i Nicolay, Arkeologisk tidsskrift nr. 73, 1997, s. 4-19 
Emneord: ØK-registrering, Oldsaksamlingen, Elizabeth Skjelsvik, Økonomisk kartverk, Kulturminner, Arkeologi, Arkeolog
Publisert 17. okt. 2016 11:54 - Sist endra 9. sep. 2020 10:04