Ull fra Oseberg - Naturfarging av garn

I høve publisering av tekstilar frå Oseberggrava  i 2006, vart det også arbeida med rekonstruksjonar (Osebergfundet : B. 4 : Tekstilene). I arkivet har vi funne prøver frå forsøk med naturfarging av ullgarn. Sjå om du kan finne oppskrifta til din favorittfarge!

Bildet kan inneholde: ull, ull, tråd, tekstil, rosa.

Spinnegarn farga med plantefargar. Foto: Akershusmuseet

Blant arkivalia frå arkeolog Anne Stine Ingstads arbeid med brukstekstilane av ull frå Osebergfunnet, fann vi også resultat frå eit forsøk med farging av ullgarn.

I bileta nedst på sida kan du sjå nokon av resultata, samt oppskrifter og ingrediensar.

Tekstila frå Oseberg har støtt vore populære og nyleg har biletkunstnar Åse Eriksen og arkeolog Marianne Vedeler samarbeida om rekonstruksjon av eit silkestoff frå Oseberggrava.

Den 8. november i år vert utstillinga Mønstervovne silketekstilar frå Oseberg opna i Vikingskipshuset.

Galleri
Emneord: Oseberg, Vikingskipshuset, Anne Stine Ingstad
Publisert 5. nov. 2015 10:17 - Sist endra 9. sep. 2020 09:58