Utlån av gjenstandar
Kulturhistorisk museum låner ut gjenstandar til museum og liknande institusjonar i inn- og utland under føresetnad om at dette ikkje vil vera til skade for gjenstandane, at Kulturhistorisk museum ikkje sjølv skal bruke dei til forskings- eller formidlingsføremål, og at Kulturhistorisk museum har ressursar til å gjennomføre utlånet.

Konservator Eivind Bratlie pakkar ut ein middelaldersk treskulptur av Maria, Madonnaen frå Dyste (C1525), frå fyrste halvdel av det 13. hundreår. Utlån til utstillinga CREDO. Christianisierung Europas im Mittelalter, Paderborn 2013.
Søknader om lån av gjenstandar blir behandla fire gonger i året, sjå søknadsfristar nedanfor. Det må vera minimum åtte månader frå nærmaste søknadsfrist til planlagd utstillingsopning.
Retningslinjer og skjema
Kulturhistorisk museums retningslinjer for utlån og søknadsskjema. Bruk same skjema ved søknad om forlenging av lån.
Handsaming av søknadar
Utlånsutvalet behandlar søknadar fire gonger i året, det vil seie to møte i vårsemesteret og to møte i haustsemesteret.
Søknadsfristar
- Haust: 1. september og 1. november
- Vår: 1. februar og 1. april
Viktig beskjed om flytting i 2019-2022
Kulturhistorisk museums arkeologiske magasin vil vera under flytting i 2019-2022. Dette har konsekvensar for tilgjenge til magasin og kapasitet til å gjennomføre utlån, og kan også medføre lengre saksbehandlingstid.
Kontakt om tilgang til materiale
For informasjon om tilgang til det arkeologiske materialet, kontakt magasinforvaltar Hanne Lovise Aannestad.
For informasjon om tilgang til materiale i Antikk- og Egyptsamlingane, Etnografisk samling, Myntsamlinga og samlingane knytt til Museum for universitets- og vitskapshistorie (MUV), ta kontakt med Seksjon for etnografi, numismatikk, klassisk arkeologi og universitetshistorie, send e-post til postmottak@khm.uio.no.
Kontakt ved spørsmål om lån
Ved eventuelle spørsmål om utlån, kontakt utlånskoordinator Jes Martens
Internasjonale utstillingar og samarbeid
Kulturhistorisk museum låner ut gjenstandar til norske og internasjonale museum, og liknande institusjonar. Utlån er viktig for å dele samlinga vår med eit størst mogeleg publikum, og for å setje gjenstandane våre i nye og spennande kontekstar. Sjå oversikta over utstillingar og samarbeid.