Buddhistiske leirsegl

Bildet kan inneholde: gjenstand.

Leirsegl med Buddha som sit med beina i kryss på ei dobbel lotustrone, kringsett av åtte bodhisattvaer, guddomlege vesen. L: 13,6 cm. Baksida av eit av segla viser tre stempel med tekst på sanskrit. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Kirsten Jensen Helgeland.

Heilage bilete

Blant kaptein Rings gåver finst det 20 leirsegl med bilete av Buddha-figurar og buddhistiske guddommar. På thailandsk kallast dei phra phim, eller stempla heilage bilete. Leirsegl av denne typen blei produsert i Sørøst-Asia gjennom mange hundre år, fram til 900-1000-talet. Inskripsjonane på sanskrit på baksida vitnar om den sterke indiske påverknaden på tidleg kultur og historie i dette området.

Åndeleg vinning

Segla fungerte som fokuspunkt ved religiøs meditasjon, og skulle gje åndeleg vinning dersom ein ofra dei. Buddhas bilete vernar og velsignar, og dess fleire segl som blei ofra, dess større blei den åndelege vinninga. Segla blei laga ved å trykkje leire inn i ei utskoren form av tre eller stein, før dei blei brunne i enkle omnar. Ei form kunne brukast til å lage kanskje tusen segl før det utskorne motivet blei slite bort, dette gjorde at dei kunne masseproduserast.

Ut av holene

Ei hole i provinsen Trang, syd for Phuket, som kaptein Ring vitja med familie, vener og mannskap.

Kaptein Ring kjøpte segla på ei av sine sjøreiser i den siamesiske marines teneste langs vestkysten av den malaysiske halvøya. Han fortel at dei vart funne i ei hole under eit lag av flaggermusguano, derfor var dei blaute, som om dei var nylaga. Lokalbefolkninga trudde derfor dei var framstilt av ånder, og våga ikkje tre inn i holene.

Ring fortel vidare at dei kinesiske peparplantarane i området hadde bruk for guanoen, og gjorde derfor … kort Proces baade med Guano, Figurer og Overtro. Det var nok peparplantarane eller nokre lokale siameserar som selde segla til Kaptein Ring, som han sidan donerte til museet i 1906. Desse leirsegla ble laga på 800-900-talet, og akkurat denne typen er sjeldan å finne, både i Thailand og andre stader.

Samtidig med segla donerte Theodor Ring 14 metallplater med innrissa buddhistiske figurar, som sannsynligvis stammar frå 1800-talet. Leirsegla og metallplakettane kan sjåast i museets web-katalog.

Samlinga av leirsegl er skildra i artikkelen skriven av Peter Skilling: Molding merit, distillation of the Dharma: Curiosity and curios in the age of collecting i antologien Royal porcelain from Siam. Unpacking the Ring Collection.

Utforsk meir

Av Anne Håbu
Publisert 23. jan. 2015 10:09 - Sist endra 1. juni 2022 09:24