Jernalderen

Jernalderen i Noreg var frå 500 f.Kr. til omtrent år 1050.

Bildet kan inneholde: glass, vase, drikkeglas, highball glass, tumbler.
  • Vikingtida (ca. 750 - 1050) blir også kalla yngre jernalder.
  • I jernalderen var samfunnet i stadig endring; busetjingane vaks og ein hadde aukande kontakt med utlandet, inkludert Romerriket.
  • Det fyrste skriftspråket i Norden, runealfabetet, blei tatt i bruk.
  • Fyrste del av denne perioden blir sør i Europa kalla for antikken.

Isens arkeologi – Funn frå fonner i fjellet

Klimaendringar gjer at snøfonnene i høgfjellet minkar. Utstillinga viser fleire av gjenstandane som har smelta fram frå isen dei siste åra.

Horsepower – Oldtidshesten i myter, kult og krig

Opplev hestens kulturhistorie frå dei tidlegaste tidene og fram til norsk mellomalder, og oppdag kvifor hestar + menneske = sant. Møt gudanes, herskeranes og ikkje minst vikinganes hestar i denne stemningsfulle utstillinga.

Samtidig, ein annan stad...

  • Antikken. Perioden frå 700 f.Kr. til 500 e.Kr. kallast også antikken. Dette namnet brukast særleg om perioden lengre sør i Europa, i Hellas og i det gamle Roma.
  • Vikingtid. Yngre jernalder i Norge (750-1050) kallast også vikingtid.