English version of this page

AGLA HAGLA

AGLA HAGLA er ei kunstutstilling i Historisk museum som viser heilt nye kunstnariske arbeid. Film og installasjon ved kunstnar Petrine Vinje. Tekst av Karoline Kjesrud.

Kunstnaren Petrine Vinje har gått inn i Runearkivet (UiO) som eit arkiv for eit forelda skriftspråk. I utstillinga belyser ho utfordringane i arkivet som ein objektiv, institusjonell storleik i motsetning til arkivalia og fortolkingar som er subjektivt fundert. Runene er brukt som ein tidleg verbal uttrykksmåte – ein hogg eller rista runer som uttrykte personlege beskjedar, ytringar og markeringar.

AGLA HAGLA er eit tverrfagleg prosjekt der mellomalderforskar ph.d. Karoline Kjesrud og biletkunstnar Petrine Vinje dreg vekslar på kvarandre sin inngang til Runearkivet. Runearkivet blei oppretta på 1800-talet som ein del av Oldsaksamlinga ved Universitet i Oslo. Runearkivet tek vare på dokumentasjon, rapportar, vurderingar, analyser og forsking som er gjort på og om runeinnskriftene i Norge. 

Publisert 20. okt. 2014 10:07 - Sist endra 7. mai 2020 12:22