English version of this page

Alt mellom himmel og jord frå Mexico

I vinter og vår kan du oppleve fargesprakande fabeldyr, dansande skjelett, marsipanhovudskallar og masker, saman med eit mylder av tilbehør som blir brukt i feiringa av dei døde sin dag i Mexico.

Bildet kan inneholde: tekst, plakat, bokomslag, symmetry, organisme.

Utstilling på Historisk Museum, Oslo, 17. januar til 6. juni 2001.

Dei døde sin dag blir markert 1. og 2. november kvart år og er ein stor og viktig fest. Heile familien kjem saman og feirar både levande og døde.

Utstillinga er laga av den danske sosialantropologen Ditte Marie Seeberg. Skjelettfigurane og fabeldyra Alebrijes, i pappmasje, er skapt av mexicanske kunstnarar.

I utstillinga kan du også sjå ein kortfilm om Manuel Gomez de Rosas, som driv ein pappmasjeverkstad i Mexico. Handverkskunsten går i arv i familien og de Rosas fortel at han ikkje kan leve utan den livsgnisten det gjev å ha skjeletta rundt seg.

Lenkjer

Original versjon

Sjå utstillingssida i den opphavelege versjonen

Publisert 24. mars 2020 10:27 - Sist endra 4. mai 2020 08:10