Arbeidsoppgåver

Bildet kan inneholde: kjøretøy, bil, transportere, modellbil, transportmiddel.Forslag til arbeidsoppgåver, skriftleg eller munnleg

  • Når blir dei døde sin dag feira?
  • Korleis trur du festen er?
  • Korleis kan denne festen skildrast med tre ord?
  • Kva uttrykk har skjeletta i utstillinga? (trist eller glad)
  • Kva var det fyrste du tenkte på då du kom inn i utstillinga?
  • Kva blir fabeldyra kalla på spansk?
  • Finn ditt favorittfabeldyr, og beskriv dette.
  • Kva synst du det liknar på?
  • Kor mange fargar har det?
  • Kvifor likar du det?
  • Kva kan fabeldyra hjelpe med?
  • Korleis høyrest det ut når dei syng?
  • Dersom du les om dei i katalogen til utstillinga, finn du også kvar vi trur dei kjem ifrå.

Bildet kan inneholde: blomsterhandler, blomsterdesign.Alteret

  • Når du ser på alteret – vekkjer det følelsar i deg? Kvifor?
  • Kva gjenstandar på alteret synst du er finast, og kvifor akkurat dei gjenstandane?
  • Kvifor er drikkevarene der?
  • Kvifor er blomane der?

Formingsoppgåver

La deg inspirere av utstillinga og teikn ein figur som du kan tenkje deg å lage i tredimensjonal form seinare.

  • Teikn eit fabeldyr
  • Konsentrer deg om å lytte til dyret etterkvart som det veks på papiret.
  • Kan du føle at dyret sjølv er med på å bestemme forma det skal ha?
  • Finn ståltråd og papir, lag eit skjelett av ståltråd og dekk det med papir etterpå. No kan du teikne og måle på papiret, anten forma di førestiller eit skjelett eller eit fabeldyr.
  • Lag ein skjelettsprellemann.
  • Sjå på dei fine brøda på alteret - kan du forme noko liknande i leire?
  • Hovudskallane i sukker er fint dekorert med kakeglasur. Her kan du forme slike hovudskallar i leire eller teikne dei.

Bildet kan inneholde: tegning, organisme.

    Publisert 24. mars 2020 10:38 - Sist endra 25. mai 2020 07:32