Dei døde sin dag – Día de los Muertos

Kort historikk. Når dei døde sin dag blir feira 1. og 2. november, blir feiringa farga av lokalt særpreg frå dei ulike landsbyane og regionane i Mexico.

Bildet kan inneholde: illustrasjon, kunst.

Prosedyrane for feiringa er ei blanding av gamle indianske tradisjonar frå før-columbiansk tid og skikkane for den katolske heilagdagen Alle sjelers dag / Allehelgensdag.

I dei fleste katolske land er gravleggings- og minneseremoniar for dei døde relativt enkle. I Mexico er dei same markeringane store, flotte og fargerike. Familiens avdøde slektningar blir invitert til å delta i den store festen, og overdådige alter blir sett opp slik at sjela kan finne tilbake til den rette staden. Sjølv om feiringa dreier seg om døden, er ikkje denne feiringa trist eller makaber. Den opplevast heller som ei varm familiesamkome mellom levande og døde. Hovudskallar og skjelett minner dei levande på den uunngåelege døden og set den i perspektiv i forhold til dei levande.

Den mexicanske feiringa skil seg frå den ortodokse, katolske feiringa med den tydelege markeringa av alt det materielle utstyret sjela treng etter døden. Sterke oppfatningar av at dei døde har behov for mat og drikke i den neste verda, er gjennomgåande. I dei indianske landsbyane blir mat og drikke plassert ved den døde sin kropp ved gravlegging. Ofringar til den døde består i tillegg til mat og drikke, også av meir symbolske hjelpemidlar for å styrke sjela i form av tente stearinljos og røykelse.

Tradisjonar med ofringar til den døde går langt tilbake i historia. Arkeologiske utgravingar av kongelege gravplassar viser at dei døde fekk med seg smykke og verdifulle gjenstandar. Ein trur at verdisakene kunne brukast som mutingar og betalingsmidlar på sjelas farefulle reise undervegs til den andre sida. I pre-columbiansk tid heldt indianarane tre markante festivalar for dei døde. Ofringar til dei døde var ein viktig del av desse rituala i juni og juli kvart år.

Etter dei spanske erobringane, blei festivalane flytt til oktober/ november slik at dei fall på same tid som Alle sjelers dag.

Feiringar i dagens Mexico

I delstaten Oaxaca i Mexico blir dei døde sin dag feira med svært mangfaldige ritual. Her blir både gamle indianske tradisjonar og nyare katolske skikkar vidareført side om side − og fletta i kvarandre. Familiane brukar ofte størstedelen av inntekta sin i denne perioden på dei døde sin dag. Familiemedlemmane bør for eksempel helst ha nye klede slik at dei døde som kjem på besøk, kan sjå at det går bra med dei levande. Eit spesielt brød for dei døde sin dag blir seld allereie frå midten av oktober, og ein marknad for dei døde sin dag startar siste veka i oktober.

Gravstadane blir rydda og pynta og klokker hengt ut slik at sjela kan spele på dei for å signalisere at dei er til stades på festen.

Tradisjonane med å feire dei døde sin dag spreier seg også til Nord-Amerika via latinske miljø. Festivalen hjelper menneske til å akseptere den uunngåelege døden ved å lure døden og å oppretthalde kontakten med dei døde.

Fabeldyra Alebrijes - figurar som "skaper seg sjølve"

Kunstnaren Susana Buyo og elevane hennar har laga dei fargesprakande fabeldyra i utstillinga − Alebrijes − desse dyra som lever i menneske sin fantasi. Dyra blir sagt å ha ei helande kraft. Dei bringer lykke til heimen dersom dei er tilfredse og blir elska.

Susana Buyo fortel at dyra skaper seg sjølv − dersom du vil lage ein Alebrijes må du lytte til materialet ettersom figuren tek form. Figuren vil sjølv fortelje deg korleis den vil vera − om den vil ha store øyrer eller ein grøn hale og store spisse tennar i munnen, eller lange augevipper og gnistrande auge. I intervju med Ditte Seeberg fortel Buyo at Alebrijes kan synge dersom dei er skikkeleg fornøgde. Songen høyrast ut som papir som brenn. Når dei døyr forsvinn dei i ei vakker blå flamme.

Litteratur

  • Altman, Patricia B. and Childs Robert V. 1982: Vive tu Recuerdo - Living Traditions in the Mexican Days of the Dead. Museum of Cultural History. UCLA. Monograph series Number 17. UCLA Publication Services Departement.
  • Seeberg, Ditte Marie. 1997: Børnemuseum Alt mellom himmel og jord fra Mexico. Kvindemuseets forlag. Århus
  • Elisabeth Carmichael and Chloe Sayer. 1992: The skeleton at the feast : the Day of the Dead in Mexico. British museum Press. London
Publisert 24. mars 2020 10:32 - Sist endra 25. mai 2020 07:32