Utdrag av intervju med Susana Buyo

Frå katalogen til utstillinga Alt mellom himmel og jord frå Mexico.

Å trylle med pappmasje og Alebrijes-figurane

– Kvar kjem desse forunderlege vesena frå?

– Nokon seier at dei kjem frå våre draumar. Andre seier dei er fødd i jungelen frå ein frukt med ukjend kraft. Dei gamle, kloke indianarane snakkar med dei når det regner.

– Ein veit ikkje kor gamle fabeldyra kan bli. På mexicansk blir dei kalla for Alebrijes. Har du ein heime, kan den bringe lykke. Men dyret må bli elska. Dersom det er tilfreds, syng det. Men det er ikkje mange som kjenner att songen. Den høyrest ut som lyden av papir som knitrar. Når ein Alebrijes døyr, forsvinn den i ei vakker blågrøn flamme.

– Kor lang tid tek det å lage ein Alebrijes?

– Kvar enkelt figur utviklar seg i sin eigen hastigheit. I undervisinga mi gjentek eg stadig for studentane mine at ein ikkje kan kombinere kreativt arbeid med å ta omsyn til seg til kalenderen eller klokka. Eg brukar minst ein månad på å skape ein liten Alebrijes.

– Har figurane dine eigne namn?

– Kvar enkelt figur har namn og dato for fødsel.

– Har du nokon sinne sett figurane dine i verkelegheita?

– Min arbeidsmetode med å skape ein figur er ein blanding av å leike med og å snakke til forma og materialet. Eg fortel elevane mine at dei med tida lærer å lytte til sine Alebrijes. Dei snakkar til deg og fortel det dei gjerne vil ha: store vingar, trugande horn og klør. Eg lagar alltid ein sjablong på forhand. Eg lagar heller ikkje ein Alebrijes "på bestilling". Eg arbeider fritt og lar former og fargar snakke saman undervegs. Ein venn sa ein gong til meg: " Å lage desse monstera er å setje fri mine indre spøkelse i verda utanfor." Eg veit ikkje om dette er sant – eg har aldri sett mine indre spøkelse, og det eg frigjer i monstera og spøkelsa mine gjer meg ikkje redd. Faktisk er eg veldig glad i dei og eg synst dei er svært vakre.

– Liknar figurane dine eit mareritt eller ein god draum?

– Å lage Alebrijes gjer meg roleg og fredfylt.

– Har du nokon gong laga skjelettfigurar?

– Ja, eg har arbeidd med skjelett. Eg har til og med putta dei inn i ein annan Alebrijes. Du kan sjå nokre i utstillinga.

– Kvifor trur du mexicanarane er så glade i skjelettfigurar?

– Eg trur dette har oppstått i forsøket på å foreine den indianske og den kristne måten å sjå livet på. I det gamle Mexico var livet berre eit lite stadium i heile prosessen med å bli menneske. Å leike med skjelett gjer døden mindre sørgjeleg.

– Blir figurane dine nokon gong levande?

– Når eg arbeider med figurane er dei alltid levande. Etter at dei er ferdige synst eg at dei beheld alt det liv eg putta inn i dei. Mange menneske som har kjøpt figurane mine, seier at dei utviklar eit nært og kjærleg forhold til dei.

Om Susana Buyo

Susana Buyo er mexicansk pappmasjekunstnar. Ho har fått undervisning av Pedro Linares, skaparen av mexicanske Alebrijes. Ho er busett i Mexico by, der ho har sitt eige studio med elevar.

Intervjuet er trykt i katalogen som følgjer med utstillinga i Historisk museum.

Av Ditte Marie Seeberg
Publisert 24. mars 2020 10:32 - Sist endra 25. mai 2020 07:32