English version of this page

Ani – Silkevegens gløymde by

Den praktfulle ruinbyen Ani blomstra ved førre tusenårsskifte på grensa mellom Tyrkia og Armenia. Utstillinga presenterer denne vakre byen og det pågåande konserveringsarbeidet. Vi spør også: korleis blir bevaringa av vår felles kulturarv påverka av dagens politiske situasjon?

Bilde av ruin fra byen Ani

Flytta i frå og gløymd

Ani ligg på grensa mellom Tyrkia og Armenia og hadde si stordomstid på 900- og 1000-talet. Den gongen var byen hovudstad i det armenske kongedømet ,og låg strategisk plassert på Silkevegen mellom Kina og Europa.

Då Silkevegen ikkje lenger var handelsrute mellom aust og vest mista Ani si sentrale rolle. Byen blei no offer for erobringar og naturkatastrofar. Jordskjelv øydela store delar av den praktfulle arkitekturen. Ettersom hundreåra gjekk, blei Ani flytta i frå og gløymd.

Spor etter velstand

Dei bevarte restane etter bymurar, kyrkjer, offentlege bygningar, bruer og skyss-stasjonar vitnar om stor velstand. Byen var rikt utsmykka med relieff og dekorasjonar. På bruer, tårn, kyrkjer og andre bygningar kan ein sjå geometriske mønster og planteornament, kors og dyrefigurar. Nokre av dei rike veggmåleria i kyrkjene er bevart, og dei viser korleis ulike stilar har smelta saman i Ani.   

Bevaringsarbeid og politikk

Medan Ani i fleire hundre år var gløymd og utilgjengeleg på grunn av politiske konfliktar, kan vi i dag vandre blant ruinar etter praktbygningar som kyrkjer, kloster og høge bymurar. Eit unikt samarbeid mellom armenarar og tyrkarar og internasjonale partnarar, har igjen opna for at Ani blir undersøkt og bevart. I 2016 kom byen på UNESCOs verdensarvliste.

Denne utstillinga viser den praktfulle ruinbyen og det viktige arbeidet som har blitt gjort for å bevare byen. Men den viser også at mykje står att å gjera, og at dagens politiske situasjon utfordrar vår felles kulturarv.

Publisert 22. aug. 2018 14:07 - Sist endra 8. mai 2020 08:56