Antikken

Denne utstillinga blei stengt for publikum 3. mars 2019.

Greske, etruskiske og romerske gjenstandar frå Antikksamlinga blir vist i denne vesle og eksklusive utstillinga. Gjenstandane er organisert periodevis i kvar sin monter.

Frå Antikkutstillinga. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Ann Christine Eek

Antikkens verd presenterer eit utval av greske, etruskiske og romerske gjenstandar frå Antikksamlinga. Dei ulike periodane blir presentert i kvar sin monter, som er oppstilt i kronologisk rekkefølgje.

Det gamle Hellas

Foto: Kulturhistorisk museum, UiO

Den greske monteren kjem fyrst, og rommar små, korintiske krukker frå 8.-6. hundreår f.Kr., små krukker frå det 8. hundreår f.Kr. frå Heinrich Schliemanns utgravingar i Dipylon i Athen, og måla oljekrukker frå Attika frå det 5.- 4. hundreår f.Kr. Her blir det også vist drikkebeger, kylix, lekanis og eit lite beger for barn, i karakteristisk, attisk svartglasert keramikk frå det 5. hundreår f.Kr. og ein fisketallerken av ein type som blei masseprodusert i Campania, og som blei svært populær i Sør-Italia, frå det 4. hundreår f.Kr. Ei måla vin- eller oljekrukke, pelike, frå Apulia i Sør-Italia, viser kappløpande ynglingar på den eine sida, og eit kjærleikspar på den andre. Saman med desse krukkene står også ein statuett frå Tanagra i Boiotia. Den viser ei ung kvinne, og representerer ein utbredt type pyntegjenstandar frå det 4. hundreår f.Kr. og framover. Figuren har fargerester som viser at den har vore måla.

Frå etruskarane

Foto: Kulturhistorisk museum, UiO

Den etruskiske monteren i utstillinga inneheld gjenstandar av keramikk og metall frå 7.-1. hundreår f.Kr. Her finst terrakotta-hovud av satyrar, kvinner med etruskiske hovudplagg og eit hovud med eit diadem. Andre hovud viser Medusa, og ein liten gut. Diana blir vist saman med ein hjort i eit relieff, medan fragment av andre relieff viser ei løpande kvinne og ein sitjande mann, eit kvinneansikt, ein detalj av en kroppsdel, planteornamentikk, ein ung mann med ein krum stokk, eit fragment av ein fot. Den karakteristiske etruskiske bucchero-keramikken som oppstod i det 7. hundreår f.Kr. er representert ved eit fragment frå ein fot av eit beger i form av ein kvinnefigur med vengar og fleire vasar. Bucchero-keramikken var forseggjort og ofte omhyggeleg dekorert, gjerne med dyrehovud på hankar og handtak.

Desse etruskiske krukkene er stilt opp mot seinare, importert gresk og romersk keramikk. At det finst gresk og romersk keramikk i etruskiske områder indikerer kulturell utveksling. Den etruskiske monteren rommar også lamper, beger og parfymeflasker. I tillegg kjem varierte bronsegjenstandar, slik som deler av ein kandelaber, spegl, spenner, armband, anheng, ornamentert beslag, barberknivar, hekter, og ei oval brosje med ein innfelt egyptisk skarabé av fajanse.

Frå Roma

Foto: Kulturhistorisk museum, UiO

Den romerske monteren viser glas, oljelamper og eit portrett. Antikksamlinga er rik på romersk glas i mange variantar frå ulike gravkontekstar. Mesteparten kjem frå gravplassen i Jaffa i Palestina. Glas blei masse-produsert i Palestina og Syria frå det 2. hundreår e.Kr. og framover, og glas blei på denne tida vanlegare som konkurrent til keramikk som bordservise i den romerske verda. Berre et lite utval blir vist fram.

Dette utvalet består av salvekrukker, parfymekrukker og -flasker, og ampullar for raud og svart sminke. Lampene blir presentert også berre i form av et lite utval av ei samling på meir enn 250 eksemplar, produsert frå omtrent 1000 f.Kr.

Montrane er omgjevne av ei rekkje frittståande gjenstandar. Ein stor, attisk, svartmåla amfora frå ca. 490-480 f.Kr. dekorert med lotus og palmettar etterliknar vasane som blei gjevne til vinnarane av dei panatheneiske idrettsleikane, til samanlikning med ein moderne pokal. Ein romersk kopi av ein gresk herme frå det 4. hundreår f.Kr. viser tragediediktaren Sofokles som levde på slutten av det 5. hundreår f.Kr. Ein minska romersk versjon av eit gresk hovud frå ca. 150 e.Kr. representerer lækjarguden Asklepios. Eit hovud frå Cæsarea i Israel, frå det 2. hundreår e.Kr., viser ei muse, og var antakeleg ein del av ei romersk statuegruppe influert av greske førebilete.

Meir informasjon:


 

Publisert 5. nov. 2012 14:01 - Sist endra 4. sep. 2020 12:37