Antroblikk 2013

InnBlikk i felt – antropologistudentanes fotoutstilling.

Foto: Go Eun Bae

Masterstudentane i sosialantropologi får ein unik mogelegheit til å
forske på interessante tema kvar som helst i verda. Våren 2012 reiste
studentane frå masterprogrammet ved Universitetet i Oslo ut på
feltarbeid til stader så forskjellige som New York by, Lesotho,
stillehavsøya Tuvalu og Oslo, for å nemne nokre.

Sosialantropologi baserar seg på metoden deltakande observasjon,
og studentane har ikkje berre forska på stadene dei har reist til – dei har
budd der i lengre tid, blitt kjende med lokalbefolkninga og sett korleis
deira eige nærvær har påverka menneska dei har enda opp å skrive
masteroppgåva si om.

I denne utstillinga er 19 ulike feltarbeid representert gjennom
bilete. Målet er at bileta skal seie noko om det å relatere seg til og å
forske på eit ofte heilt nytt område – både korleis feltet påverkar
antropologen og korleis antropologen påverkar feltet.

God fornøyelse!

Publisert 23. mars 2020 10:44 - Sist endra 2. sep. 2020 09:49