Antroblikk 2014

Antropologiske feltarbeid skildra med kamera.

Antropologistudentane ved UiO viser si årlege fotoutstilling i Historisk museum.

Foto: Malene Brandshaug

Antroblikk er masterstudentane ved sosialantropologisk institutt si årlege fotoutstilling og viser fotografi frå feltarbeida med eit antropologisk perspektiv som utgangspunkt. Antroblikk vil belyse det antropologiske mangfaldet innan tematikk og lokasjon på ein kreativ og visuell måte. I felten samlar studentane inn data til grunnlag for masteroppgåva, men ikkje all tileigna kunnskap eller opplevde inntrykk får plass i oppgåva. Prosjektet ynskjer å formidle antropologi utover sosialantropologisk institutt, og inspirere andre studentar til å heve blikket og tenke nytt om og ved sin fagretning og eigne studieprosjekt. Foreininga Antroblikk blir drifta av studentar ved masterprogrammet på sosialantropologi.

Arrangør

Kulturhistorisk museum
Publisert 7. jan. 2015 09:37 - Sist endra 2. sep. 2020 09:42