Antroblikk 2016

Utvalde augneblikk frå felt. Utstillinga viser fersk antropologi gjennom bilete og tekst frå studentane som gjennomførte feltarbeid våren 2015.

Kvart år undersøkjer masterstudentane i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo eit sjølvvald tema ved å gjennomføre eit halvt års feltarbeid. Nokre gjer feltarbeid i eigen by, andre dreg til den andre sida av jordkloden. I felt dokumenterer studentane det dei observerer og opplever. Kamera er eit viktig verktøy under opphaldet, då eit bilete kan seie meir enn tusen ord, men penn og papir, eller datamaskin, er studentanes primære verktøy. Ein går opp til eksamen med ei skriftleg oppgåve, der studenten brukar etablert teori til å reflektere omkring feltarbeidet, altså empirien.

I denne utstillinga kan bileta lesast som empiri (det som kan observerast) og tekstane som teori (det som ligg bak) – saman utfyller dei kvarandre, og illustrerer antropologiens mangfald.

God fornøyelse!

Publisert 22. sep. 2016 16:49 - Sist endra 19. mai 2020 12:29