English version of this page

Blikket gjennom portalen

Dører og inngangar pirrar nysgjerrigheita vår. Kva finst på den andre sida? I denne utstillinga utforskar vi korleis portalar fungerer som overgangar mellom ulike verder. 

Illustrasjon fra utstillingen: ufokusert figur sett gjennom en åpning

Stavkyrkjeportalane frå mellomalderen har vore blant Historisk museums største attraksjonar sidan opninga i 1904. I dag blir portalane presentert som tomme rammer opp mot kvite veggar. Publikum blir invitert til å sjå på portalane - på dei mange fine utskjeringane med mønster og dyremotiv - men dei kan ikkje sjå gjennom dei. Dermed mistar portalane deira kanskje viktigaste funksjon: å opne opp for ei annan verd. 

Til denne utstillinga har vi bygd ein heilt ny portal med kikkeboksar og ulike opningar som vekkjer utforskartrongen. På den andre sida møter du ei rekkje ukjende og fiktive verder. 

I utstillingsrommet får du også sjå korleis Historisk museum har stilt ut stavkyrkjeportalene på ulike måtar opp gjennom tidene. Korleis har publikum fått oppleve kyrkjeportalanes vandring frå stavkyrkje til museum?

Utstillinga byggjer på Jason Falkenburgs PhD-prosjekt om stavkyrkjeportalar, og tek for seg korleis portalar fungerer som overgangar mellom ulike verder. Jason har utvikla ideen i samarbeid med prosjektleiar Peter Bjerregaard og Lars Danielsen Holen frå Manthey Kula Arkitekter.

Emneord: Stavkyrkjer, portalar, dører, mellomalder
Publisert 18. apr. 2018 17:45 - Sist endra 7. mai 2020 12:22