Den alvorleg store meldinga

«Den alvorlig store meldinga» er ein bok på 1,8 x 2,4 meter - ei alvorleg stor melding reint bokstaveleg tala. «Meldinga» blir stilt ut i Historisk museum fordi vi ynskjer å støtte barns rettigheiter og alle barns rett til ein human behandling.

Yordanos og Hamed framfor meldinga. Foto: Redd Barna

Redd Barna har laga ei melding til Stortinget om barn som søkjer asyl i Noreg. Meldinga inneheld bidrag frå barn som søkjer asyl saman med familien sin eller aleine, og som bur eller har budd på asylmottak. Dette er innspel frå barna det gjeld til avgjerdstakarar og til alle vaksne som møter, snakkar med, bestemmer over og har noko å seie for barn som søkjer asyl i Noreg. Redd Barna vil bevisstgjera den norske befolkninga, inkludert avgjerdstakarar på ulike nivå, på at barn som søkjer om asyl i Noreg fyrst og fremst er barn og at dei har nøyaktig dei same behova og rettigheitene etter barnekonvensjonen som alle andre barn.

Les meir om prosjektet på Barnas eigen melding (reddbarna.no)

Publisert 24. feb. 2015 14:21 - Sist endra 2. sep. 2020 09:40