Eg er, er eg? − I am, am I?

Studentar ved Universitetet i Oslo har i samarbeid med Kulturhistorisk museum laga ein studentutstilling som sirklar rundt temaet identitet og korleis vi isceneset oss sjølve.

Bildet kan inneholde: menneskelig.

"Life isn´t about finding yourself, but creating yourself" - Georg Bernard Shaw

Onsdag 9. oktober opnar vi utstillinga i foredrags-salen til Kulturhistorisk museum i Oslo.

Studentane er på masternivå innan retningane historie, arkeologi, kunsthistorie og museologi. Utstillinga består av fire delar der kvar studentgruppe har vald eit perspektiv for å belyse hovudtemaet. Delutstillingane spenner vidt over hovudtemaet identitet og iscenesetjing, og handlar blant anna om ungdom og klede, bart som attributt, vesker og innhald, og også korleis vi etter vår død vel attributtar vi tek med oss i grava, og på denne måten fortset å uttrykkje identitet og iscenesetje oss sjølve.

Publisert 23. mars 2020 10:44 - Sist endra 2. sep. 2020 09:47