English version of this page

Egypt i bevegelse

Då Napoleon Bonaparte erobra Egypt i 1798, hadde han med seg ein hær av kunstnare og ingeniørar. Målet var å dokumentere landet frå den minste bille til den største pyramide. Samtidig blei det starten på ein Egypt-feber som har ridd verda i meir enn 200 år.

Foto av arbeidere på stilas rundt en flere meter høy skulptur av en farao

Foto: © Margaret Herrick Library, Academy of Motion Picture Arts and Sciences, Los Angeles

Egypts arkitektur- og naturhistorie dokumentert

Foto fra Description de l'Egypte viser Karnak Gateway. I denne utstillinga kan du blant anna sjå det monumentale bokverket Description de l’Égypte, og studere dei fantastisk detaljerte illustrasjonane frå Napoleons teiknarar. 

I kjølevatnet av Egypt-invasjonen blei tempel, obeliskar og sarkofagar eksportert til heile verden. Monument og antikvitetar blei følgd av ein flaum av avisreportasjar, skisser og trykk, panorama, fotografi og postkort. 

Antikkens Egypt blir moderne

Utstillinga Egypt i bevegelse fortel korleis Egypt på 1800- og 1900-talet blei del av den vestlege moderniteten. Gjennom spektakulære gjenstandar og kunstverk ser vi korleis verda har latt seg fascinere både av den egyptiske oldtidas monumentalitet og dei moderne, teknologiske forflyttingane som bringa denne eksotiske verda på nært hald. 

Bilde fra utstillingen: en zeppelin løfter en obelisk

Forflyttinga av den egyptiske antikken kravde banebrytande logistikk og ingeniørkunst, der fart, kløkt og diplomati var avgjerande. Etter kvart dukka kolossale egyptiske monument opp i museum og byrom, saman med nyheiter om umogelege bedrifter i den nye illustrerte pressa. Rapportar om teknologiske bragder blei fyrstesidestoff. 

Då utstillinga The Treasures of Tutankhamun turnerte USA på 1970-talet, produserte Metropolitan Museum of Art replika av gjenstandar frå grava. Dei er i dag samlarobjekt og har styrka Tutankhamons status som ei moderne superstjerne frå oldtida.

Utstillinga viser det monumentale bokverket Description de l’Égypte (1809–1829) med dei fantastisk detaljerte illustrasjonane frå Napoleons teiknarar, men også biletflaumen som følgde i kjølevatnet av den franske invasjonen og som gjorde antikkens Egypt til del av den vestlege moderniteten. Tempel, obeliskar og sarkofagar blei eksportert til heile verda; følgd av avisreportasjar om banebrytande logistikk og ingeniørkunst, skisser og trykk, panorama, målerier, fotografi og postkort. Egypt i bevegelse viser utsøkte verk i denne tradisjonen; blant dei eksklusivt Sévres-porselen, bestilt av Napoleon, arkitekt Karl Friedrich Schinkels scenografiar til Mozarts Tryllefløyten (1815) og David Hockneys sensasjonelle scenografiar til den same operaen frå 1977, nyleg ekskaverte gipsantikvitetar frå filmsettet til Cecil B. DeMilles bibelske epos The Ten Commandments (1923) i California, og Madrid-baserte Factum Artes sensasjonelle faksimile av Seti Is sarkofag (2017). Gjenstandane i denne utstillinga reflekterer eit antikt landskap i radikal endring. Og det heile starta med det monumentale bokverket Description de l’Égyptes framstilling av Egypts arkitektur- og naturhistorie.

Besøk oss - billettprisar, kart og opningstider

Egypt i Bevegelse er kuratert av Mari Lending, Tim Anstey og Eirik Arff Gulseth Bøhn.

Utstillinga er produsert innanfor rammene av det internasjonale forskingsprosjektet PriArc: Printing the Past, leia av Arkitektur og designhøgskolen i Oslo, som del av EUs forskingsprogram Humanities in the European Research Area (HERA).

Bok om utstillinga: Images of Egypt

Boka Images of Egypt er utgjeven i samband med utstillinga, med bidrag av Lucia Allais, Kosha Ahmadi, Tim Anstey, Maude Bass-Krueger, Craig Buckley, Eirik Arff Gulseth Bøhn, Caroline van Eck, Adrian Forty, Mikala Kjær, Beata Labuhn, Mari Lending, Adam Lowe, Ingemar Eirik Nesheim, Eeva-Liisa Pelkonen, Eirik Stokke, Robert Sømod, Martin Tosterud, Victor Plahte Tschudi, Olivia Horsfall Turner, Even Smith Wergeland, Richard Wittman og Xianwen Zheng. 

Boka er redigert av Lending, Bøhn og Anstey og utkommer på Pax forlag.

Utstillinga i media

Publisert 2. aug. 2018 16:00 - Sist endra 11. mai 2020 07:58