Er eg ulovleg?

I 2011 beslagla Tollvesenet ein nydeleg Buddha-skulptur som blei forsøkt innført ulovleg til Noreg. I 2016 blir den vist fram for publikum ved Kulturhistorisk museum. Den vakre skulpturen i alabast, lakk, gull og glas er ei oppleving i seg sjølv. Men den vitnar også om ei langt meir dramatisk historie.

Bildet kan inneholde: skulptur, statue, klassisk skulptur, figurine, kunst.

Buddha-figuren kjem frå Myanmar. Den er laga i alabast, med dekor av gull, lakk og farga glas. Den sit i lotusstilling med den eine handa i  fanget med handflata opp, og peikar mot jorda med den andre. Handstillinga blir kalla "jorda er vitne", og symboliserar augneblikken for Buddhas oppvakning.

Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/ Ellen Holte

Internasjonal samhandling, reiseverksemd, Schengen-samarbeid og auka migrasjon har resultert i at også kulturgjenstandar kryssar landegrensene oftare enn før. Kulturgjenstandar som blir tekne ut av sine opphavsområde utan nødvendig løyve er ulovlege kulturminne. Dei er ofte eit resultat av humanitære katastrofar som følgje av krig og kriser i sårbare delar av verda. Men mange gjenstandar blir også smugla ut for sal på den internasjonale kunstmarknaden.

FN har vedteke ei rekkje konvensjonar for å forhindre ulovleg handel med kulturgjenstandar. Den viktigaste av dei, UNESCO-konvensjonen av 1970, blei fyrst ratifisert av Noreg i 2007. Dette fekk følgjer for norsk lovgjeving.

Men få land har klart å etablere ein effektiv kontroll for utførsel av kulturgjenstandar. Lovverket varierer mykje frå land til land. Dei internasjonale konvensjonane pålegg den som ynskjer å ta kulturgjenstandar ut av eit land å setje seg inn i lovverket som gjeld i kvart enkelt tilfelle. Men dette kan vera vanskeleg i land der lovverk og føresegner er lite tilgjengeleg og kjennskapen til lovverket er dårleg blant innbyggjarane. Likevel er dette eit viktig punkt i lovverket, også her i Noreg.

Her i landet er det forbode å importere kulturgjenstandar utan lovmessig eksportløyve frå opphavslandet. Eit slikt løyve er svært viktig sidan det vil bli etterspurt om ein seinare skulle ynskje å ta gjenstanden ut av landet att. Eksportkontrollen i Noreg har som mål å hindre utførsel av kulturminne som er funne i Noreg, og å fange opp gjenstandar som i utgangspunktet er ulovleg innført i landet.

Den vakre Buddha-figuren som nå kan sjåast i Historisk Museum i 2. etasje, er eit trist eksempel på ein nydeleg kulturgjenstand som har blitt teken ut av opphavslandet utan løyve, og forsøkt ulovleg brakt inn i Noreg. Skulpturen stammar frå Myanmar, men kom til Noreg via Thailand. Myanmar har ratifisert UNESCO 1970-konvensjonen, og kulturgjenstandar som stammar derifrå skal følgjast av eksportløyve dersom lova krev det. Det er definitivt tilfellet for Buddha-skulpturen, som altså manglar slik dokumentasjon. Den har dermed blitt teken ulovleg ut av Myanmar, er ulovleg importert til Thailand, og vidare ulovleg ført til Noreg. Vårt museum er ikkje ein naturleg heim for Buddhaen. Men inntil vidare er det det beste vi kan tilby den.

Bildevisning
Publisert 1. sep. 2016 15:05 - Sist endra 12. mai 2020 08:16