English version of this page

Fanga

Du har kanskje ei musefelle liggjande i ein skuff heime. Har du nokon gong tenkt på kva den fortel om vårt forhold til dyra og naturen rundt oss?

Effektive feller er ofte enkle konstruksjonar. Men dei opnar for ei rekkje spørsmål om menneskets forhold til dyr, om vald og etikk og om oppfinnsamheit og kunnskap.

Bildet kan inneholde: mousetrap, jakt.

I magasina til Kulturhistorisk museum har vi feller frå heile verda. I utstillinga FANGA har vi henta fram eit utval for å utforske desse spørsmåla.

Sett din eiga felle

I utstillinga kan du også teste ditt talent som jeger. I samarbeid med designbyrået Void har vi utvikla eit spel der du skal fange virtuelle dyr med feller. For at fella skal verke må du fyrst observere og skjøne åtferda til dyra. Hugs at dei lærer av sine feil, og blir stadig vanskelegare å fange.

Utstillingen har et spill der du kan fange virtuelle dyr med feller. Foto: Ellen C. Holte/KHM
Utstillinga har eit spel der du kan fange virtuelle dyr med feller. Foto: Ellen C. Holte

Gundersens musefellesamling

Professor Gunnar H. Gundersen frå Høgskulen i Oslo og Akershus har ei privat samling av opp mot 300 musefeller frå heile verda. Samlinga viser at det er mange måtar å fange ei mus på. Men det er nokre grunnleggjande prinsipp som går att.

Korleis kan musea kombinere ynsket om openheit og inkludering med sine kjerneaktivitetar forvalting, forsking og formidling? Tingenes metode er eit samarbeidsprosjekt mellom Oslo Museum, Kulturhistorisk museum og Norsk Teknisk Museum. Problemstillingane blir utforska gjennom ulike delprosjekt ved desse institusjonane.

Publisert 23. okt. 2017 20:38 - Sist endra 12. mai 2020 08:16