English version of this page

Åtskiljinga

Førebuinga til døden treng ikkje berre vera refleksjonar over det levde livet, men også tankar om framtida.

Bildet kan inneholde: vase, metall, glass, messing, gjenstand.

Dei som har sjansen, vil gjerne førebu seg på døden. For mange er deira siste tid ein periode der dei reflekterer over livet. Det er også ei tid der mange finn trøyst i samvær med pårørande, med pleiepersonale og gjennom si religiøse tru. Dei aller fleste menneske i Noreg i dag døyr på institusjonar som sjukehus eller sjukeheim.

Sjukehuspresten fortel at hennar jobb er fyrst og fremst å gje respons til behov som blir uttrykt frå døyande eller pårørande. Dette kan skje gjennom samtaler, bibellesing, bøn eller sakrament − ulike religiøse ritar som skal ha blitt velsigna av Kristus. Ho meiner at stille nærvær likevel ofte er det viktigaste.

Buddhistar og hinduar meiner at den døyande må få ro for å styrke seg til overgangen til ein ny tilstand etter døden, fordi tankane til den døyande i augneblikka før døden kan påverke kva som skjer etter døden. Buddhistar meiner at ved å konsentrere seg i dødsaugneblikket, er det ein mogelegheit at eit menneske bli fødd på eit høgare eksistensnivå i det neste livet. Hinduar meiner også at klarheit i dødsaugneblikket er viktig, men at dette blir kopla saman med eit totalreknskap for personens liv - deira karma.

Hinduar trur dessutan at sidan menneskekroppen vender tilbake til dei grunnleggjande elementa jord, luft, energi, vann og rom, er det best å døy liggjande på bakken og få nokre dropar frå den heilage elva Ganges på leppene like før døden.

Nattverden er kristendommens viktigaste heilage handling. Dei som trur et velsigna brød og vin til minne om døden til Kristus og det er nok den religiøse handlinga ein kristen i Norge fremst vil førebu døden med. "Den siste olja" er ei kristen rite som spesielt skal førebu den døyande til å reise til himmelen saman med Gud. Den er fyrst og fremst brukt i den katolske kyrkja , men kan også bli gjeven i den lutherske kyrkja. Ritualet byggjer på eit sitat frå det Nye Testamentet:

"Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i forsamlinga, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn. Og bøna som er boren fram i tru, skal berga den sjuke, og Herren skal reisa han opp. Og har han gjort synder, skal han få dei tilgjevne."  Jakobs brev 5, 14- 15

I mange religionar skal ei stadfesting av trua hjelpe i augneblikka før døden. Når døden nærmar seg, skal ein jøde resitere truvedkjenninga shema: "Høyr, Israel, at Herren er vår Gud, Herren er éin". På same måte skal ein muslim resitere truvedkjenninga: "Det finst ingen annan Gud enn Gud, og Muhammed er Hans profet". Ein annan person kan resitere det dersom den døyande ikkje er i stand til å seie det sjølv. Når ein Sikh er nær døden, vil slekt og vener bli tilkalla for å resitere frå den heilage boka Guru Granth Sahib.

Publisert 24. mars 2020 12:03 - Sist endra 18. mai 2020 08:25