English version of this page

Gravferdsbyrå for alle religionar

I dag tek gravferdsbyrå seg av dei fleste praktiske sidene med handtering av døde - uansett kva religion eller trussamfunn dei høyrer til.

Bildet kan inneholde: fotografi, rom.

Mange byrå har lang erfaring med å tilpasse seremoniane til reglane for ulike religionar eller individuelle ynske frå dei etterlatne.

Kommersielle gravferdsbyrå etablerte seg i byane frå 1870-talet, men skikken med å stelle den døde i heimen og lage kister lokalt, fortsette i landlege distrikt til etter 2. verdskrig. Det var mange årsaker til flytting av likferd frå private til offentlige stader. Dei viktigaste årsakene er kanskje framveksten av helseinstitusjonar som sjukehus og aldersheimar. Mange oppgåver som tidlegare blei utført av pårørande, slekt og bearlag, blei flytt over til det offentlege. For eksempel blir vasking av døde på sjukehus i dag automatisk gjort av personalet, med mindre dei pårørande ynskjer å gjera det sjølv.

Byrået spør dei pårørande om dei ynskjer gravlegging eller kremering, og om byrået skal ordne seremonien. Dersom seremonien skal ordnast av byrået, blir dei spurt om korleis den skal vera og kvar den skal haldast. Pårørande vel musikk, kiste og utstyr, og byrået ordnar stell og transport av den døde. Deretter koordinerer byrået tidspunkt for presten, imamen eller andre religiøse spesialistar, for kapellet, gravlunden og familien, og byrået kan vera til stades for å assistere under seremonien.

Opp gjennom tidene har det oppstått mange foreiningar som skal sørgje for å gje ein verdig slutt på livet. På 1600-talet opererte Christiania- kjøpmennenes liklaug under mottoet "I Dag Mig, I Morgen Dig". Moss Byes Venskabs Forenede Liigbærerlaug ble stiftet i 1800 av "24 gode Borgermænd, som have Formue til at anskaffe sig anstændige sorte Klæder, med hvad videre dertil henhører". Fattige menneske blei bore gratis til grava om "hans Omstændigheder ere saa ringe, at hans Boe ei kan betale 4, fire Speciedaler til Lauget".

I dag betalar medlemmar av ulike etniske og religiøse foreiningar regelmessig beløp til felles assistansekasser. Tyrkisk Fond ved Dødsfall er ei av desse. Foreininga har fast avtale med eit gravferdsbyrå i Oslo om å leggje til rette for heimsending av døde eller for muslimsk gravferd i Noreg - alt etter pårørande sine ynske. Det Mosaiske Trossamfunn i Oslo har ei eiga gravferdsforeining som heiter Chevra Kadisha (Det Heilage Selskap).

Publisert 24. mars 2020 11:58 - Sist endra 18. mai 2020 08:25