English version of this page

Buddhismen

Buddhistar meiner at dei døde blir atterfødd på høgare eller lågare plan avhengig av  merittane dei har bygd opp i dette og tidlegare liv.

Bildet kan inneholde: munk, tinning.

Ein minneseremoni

Ein vietnamesisk familie møter munkane på Khuong Viet buddhisttemplet i Lørenskog. Stemninga er alvorlig, men ikkje tung. Saman skal dei prøve å hjelpe sjela til ein nyleg avdød slektning til å oppnå klarheit og ro i andeverda, slik at den kan finne vegen til atterføding.

Eit stort bilete av den avdøde er stilt opp framfor minnetavla til venstre for buddhafiguren ved inngangen til templets rituelle område. Blomar, levande ljos og røykelsespinnar er lagt ut, saman med offergåver av frukt, kjeks, suppe og ris.

Templets andelege leiar les heilage tekstar − sutraer - som kan hjelpe den døde. Andre munkar spelar på treklossar, bjøller, gonger og trommer. Dei pårørande bed framfor tavla der biletet av den døde er stilt opp.

Ringing av ei stor klokke lengre inne i tempelområdet hjelper til å påkalle anden til den døde. Anden får deretter hjelp gjennom bøn frå dei levande for å orientere seg i andeverda. Ritualet må utførast så tidleg som mogeleg etter dødsfallet for å hindre at anden blir forvirra i sin nye tilstand og mister orienteringsevna.

Atterføding

Buddhistar meiner at dei døde blir atterfødd på høgare eller lågare plan avhengig av dei merittar dei har bygd opp i dette og tidlegare liv. Å gå inn i døden med ein positiv sinnstilstand i selskap med munkar og familien kan bidra til atterføding på høgare plan.

I buddhistisk filosofi tyder ordet 'samsara' ein tilstand der ingenting er fast - alt er anten i oppbygging eller nedbryting. Samsara har tre aspekt for buddhistar: liding, det foranderlege og mangel på eit evig sjølv. Dette foranderlege gjennom heile menneske sitt liv hjelper det til å innsjå at det ikkje finst noko fast "essens" i oss, og at endringsprosessane fortset også etter vår fysiske død.

Når eit menneske forstår samsara fullstendig, er det som ein eld har blitt slekt. Då er nirvana oppnådd. Dette er målet for alle buddhistar. Ved å oppnå nirvana blir syklusen brote, og mennesket blir ikkje fødd på ny etter døden.

Buddhismen har ingen andre faste reglar for behandling av kroppen til den døde enn at prosessen skal føregå på ein verdig og respektfull måte. Den døde kan bli kremert eller gravlagd − alt etter dei pårørande sine ynske. Kvite klede og kvitt panneband er symbol på sorg under seremonien.

Publisert 24. mars 2020 12:33 - Sist endra 18. mai 2020 08:25