English version of this page

Døden er ikkje eintydig

I nesten alle samfunn er det ritual som markerer overgangen frå ei livsfase til ei annan.

Bildet kan inneholde: medisinsk utstyr, operasjonsteater, sykehus, rom, medisinsk.

Det kan vera fødsel og dåp, overgangen frå barn til voksen, inngåing av ekteskap og avslutninga på livet. Slike ritual er nesten alltid tredelte: Åtskiljing, liminalitet og reintegrering.

Åtskiljinga mellom dei levande og dei døde byrjar når det er klart at døden er nært føreståande og førebuingane tek til − i form av omsorg, ofte spesielle religiøse handlingar. Åtskiljinga blir konkret når døden inntreff. Liminalitet er "verken her eller der", der den døde ikkje er blant dei levande, men − før rituala er avslutta − heller ikkje fullstendig blant dei døde. Familien til den døde er også dregen ut av sine daglege gjeremål under denne liminale sørgjeperioden − både emosjonelt og praktisk. Den tredje fasa, reintegrering, fører pårørande tilbake til kvardagslivet og avslutninga av rituala frigjer den døde frå dette livet.

I tidlegare tider meinte folk at når hjartet slutta å slå, var eit menneske dødt. I dag er grensene mellom levande og døde vanskelegare å definere. Medisinsk teknologi gjer blant anna at drukningsoffer av og til kan gjenopplivast etter å ha vore nedkjølt under vatn i over 20 minuttar, og at menneske på sjukehus kan haldast i live sjølv om vitale organ sviktar.

Teknologien tvingar samtidig fram etiske utfordringar: Kor lenge skal ein lækjar vente med å slå av ei kunstig andedrettsmaskin på sjukehus når hjernefunksjonane til ein pasient har stogga? På kva tidspunkt er det forsvarleg å fjerne eit organ frå ein donor for bruk i transplantasjonar?

brått som et filmtriks
borte

ikke gått ut
av huset

ikke reist ut
av landet

er ikke mer

– Jan Erik Vold

Publisert 24. mars 2020 11:51 - Sist endra 18. mai 2020 08:26