Døden som skjebne

Ein kjøpmann sendte sin tenar til marknaden. Kort tid etter kom han tilbake, han rista og var sterkt opphissa, og sa til sin herre: "På marknadsplassen var det ei kvinne i mengda som dytta til meg, og då eg vende meg om, såg eg at det var døden som hadde dytta til meg. Ho såg på meg og gjorde ei trugande handrørsle. Kjære herre, lån meg hesten din for eg må skunde meg bort for å unngå ho. La meg få ri til Samarra for å skjule meg så døden ikkje kan finne meg".

Kjøpmannen lånte han hesten sin, og tenaren galopperte bort i ei støvsky.

Litt seinare gjekk kjøpmannen sjølv bort på marknadsplassen. Han såg døden stå midt i mengda og sa til ho: "Kvifor skremte du tenaren min så i dag til morgonen? Kvifor truga du ham?"

"Eg truga han ikkje", sa døden. "Eg blei berre overraska. Det forbausa meg å sjå han i Bagdad, for eg skal møte han i kveld i Samarra."

 

(Attdikta av Walid al-Kubaisi i boka "Norske poteter og postmodernistiske negre". Oslo: Kulturbro forlag, 2000. Omsetjing til nynorsk ved KHM.)

Publisert 26. mars 2020 09:10 - Sist endra 18. mai 2020 08:26