English version of this page

Eitt liv? Fleire liv?

Døden kan bli sett på som slutten på all eksistens, eller som overgang til eit anna tilvære.

Bildet kan inneholde: penger, seddel, penger, valuta, papir.

Hinduisme, sikhisme og buddhisme ser på døden som noko som tvingar fram ei atterføding. Derfor er målet i livet å unngå å vera sjølvopptatt og å streve etter ein å vera avklart åndeleg sett, som kan leie til åndeleg frigjering ved at ein ikkje blir atterfødd.

Kristendom, jødedom og islam meiner derimot at ein er død fram til oppstoda på dommens dag og menneske kan få evig liv i himmelen.

Dei ulike verdsreligionane representerer store tradisjonar bygd på skrifter tolka av rituelle spesialistar. Men innanfor kvar av desse religionane finst det også folketru eller det vi kan kalle små tradisjonar. Dei brukar å vera basert på munnlege overleveringar, og kan ofte innehalde trekk som ikkje heilt blir anerkjent av dei store tradisjonane, men tyder likevel mykje for folk som trur på dei.

Det er vanleg at muslimar les frå Koranen ved grava til ein som er nyleg død. Ifølgje folketrua kan denne lesinga påverke korleis den døde blir utspurt av Guds englar: To av Guds englar kjem nemleg til gravstaden straks etter jordpåkastinga. Englane skal teste den døde sin kunnskap om Gud og profeten Muhammed. Ifølgje folketrua vil ikkje englane stille desse spørsmåla så lenge koranlesing føregår − for då vil dei heller høre på Koranen. Dersom koranlesinga fortset utan pause fram til fredagsbøna, vil englane reise tilbake til himmelen utan å ha utført sitt ærend, og sjela til den døde er garantert innpass til himmelen.

Ei av dei mest fargerike sidene av kinesisk og vietnamesisk buddhisme er brenning av Joss papir - trykte etterlikningar av verdiobjekt ofra til dei døde. Papirmodellar av klede, klokker, biler, pengar, mat, osb. blir brunne for å sikre velstand til den døde i den neste verda. Men skikken er ei fortsetjing av ei før-buddhistisk kinesisk tru på gudar, ander og udødelege vesen som har lite til felles med dei store linjene i Buddhismen.

Bøner og ritual skal sørge for at den døde finn rett veg på den andre sida. Går dette gale, kan ein få gjenferd. Norsk folketradisjon har mange råd mot gjenferd − dei døde sine ander som går att. Det blei fortalt i Rømskog på 1950-talet at "Hvis en døde, skulde alle ta ham i hånden og si 'farvel', ellers ville den døde gå igjen". Andre måtar å forhindre gjenferd skal ha vore å ta liket ut av huset med føtene fyrst, eller å ta kista ut, ikkje gjennom ei dør, men gjennom ein opning i veggen reservert for lik. Då ville ikkje den døde klare å finne vegen tilbake att.

Hinduer og sikher kremerer sine døde delvis for å forhindre gjenferd. Mange meiner at utan kremering vil sjela til den døde få problem med å frigjere seg frå kroppen. Då er det fare for at sjela svever kvilelaust rundt i nærleiken av liket.

Det finst ein fortelling om to menneske som møttest på ein gravlund:

Ei norsk kvinne er komen til gravlunden for å leggje blomar ved grava til  mor si. Medan ho står ved grava legg ho merke til at det er ein mann av tydeleg utanlandsk opphav som legg ein skål med ris på grava ved sida av. "Unnskyld" seier ho, "Når trur du at den døde kjem til å ete den risen?" Mannen ser på kvinna, så på gravene. "Jo" svarer han, "kanskje omtrent samtidig som mor di luktar på blomane som er lagt på grava hennar".

Publisert 24. mars 2020 12:07 - Sist endra 18. mai 2020 08:26