English version of this page

Gravferd utan gud

I dag kan alle som ynskjer det bli kremerte eller gravlagde etter ikkje-religiøse seremoniar, eller fullstendig utan seremoni.

Bildet kan inneholde: hellige steder, arkitektur, helligdom, maleri, arch.

I 1969 blei ei 300 år gamal føresegn oppheva som kravde at alle medlemmer av Den norske kyrkje å bli gravlagde etter kyrkjas liturgi. I dag kan alle som ynskjer det bli kremerte eller gravlagde etter ikkje-religiøse seremoniar, eller fullstendig utan seremoni. Gravferdsbyråa kan ordne alle dei praktiske sidene og ta hand om seremoniar dersom pårørande ikkje ynskjer å gjera det sjølv.

Ikkje-religiøse gravferdsseremoniar i Noreg blir som oftast haldne i eit vanleg grav- eller krematoriekapell. Minnehøgtida vil ofte bestå av introduksjonsmusikk, ei tale eller minneord, song, kransepålegging, diktlesing og avsluttande musikk.

Human-Etisk Forbund er ein organisasjon basert på humanismen. Med over 50 000 medlemmar er Human-Etisk Forbund det nest største livssynssamfunnet i Noreg − etter Den norske kyrkje. Forbundet kan gje råd til menneske som ynskjer å organisere ikkje-religiøs gravferd sjølv. Ein representant frå forbundet kan inviterast til å halde tale under gravferds-seremonien for medlemmar, og er også tilgjengeleg for ikkje-medlemmar så langt tid og ressursar rekk.

Publisert 24. mars 2020 12:40 - Sist endra 18. mai 2020 08:26