English version of this page

Hinduismen

Hinduar trur at menneske blir atterfødd igjen og igjen, ifølgje deira karma, heilt til dei finn kvile.

Bildet kan inneholde: hindu tempel, tinning, tinning, sted for tilbedelse, statue.

Foreininga Sanatan Mandir Sabha er eit hinduistisk trussamfunn på Austlandet med 900 medlemmar. I 1997 oppretta foreininga eit tempel på Slemmestad, utanfor Oslo. Presten (Pandit) frå foreininga forklarer at eit hindu-dødsritual i Noreg blir noko annleis enn i India med omsyn til restriksjonar på korleis kremering kan skje. Men presten meiner at det er mogeleg å tilpasse ritualet til norske forhold samtidig som det sikrast at sjela til den døde blir ordentleg frigjort frå kroppen.

Hinduar trur at menneske blir atterfødt igjen og igjen, ifølgje deira karma, heilt til dei finn kvile (moksha). Ved å leve eit høgverdig liv er det mogeleg å kome nærmare moksha, og kanskje bli atterfødd i ei høgare form i det neste liv. Å drikke eller bade i vatn frå den heilage Ganges-elva bidreg til å reinse bort synd.

Ein indisk kvinne busett i Oslo inviterte mor si til å flytte til Noreg. Før avreise frå India, sikra mora at ho hadde kjøpt ein liten behaldar med vatn frå Ganges. "Dersom eg er døyande må du hugse å drype nokre dropar av dette på mine lepper", sa mora.

Når døden nærmar seg, vil den sjuke bli lyfta ut av senga og lagt på golvet med hovudet vendt mot nord. Slektningar samlar seg rundt den døyande, dyppar eit basilikumblad i heilag vatn frå Ganges eller i mjølk og plasserer dette på leppene til den døyande samtidig som dei syng heilage songar og les heilage tekster. Å gå inn i døden med sansane klare blir rekna som ideelt, og mange hinduar vil avstå frå sløvande medikament når dei kjenner at tida er inne.

Etter døden blir den døde rituelt vaska av familiemedlemmar og sveipt i kvitt tøy på golvet, men med ansiktet udekt. Å døy på bakken viser respekt til jorda som menneske har kome frå, og skal også hjelpe sjela til å frigjera seg ifrå kroppen etter døden.

Den døde blir vaska i heimen, smurt med salve av sandeltre og kledd i kvitt tøy. Liket blir lagt i ei kiste og dekt med blomar før det blir kjørt til krematoriet. Tre skåler med byggmjøl er førebudd. Den fyrste blir plassert på hovudet til den døde før liket blir bore inn i krematoriet. Den andre blir sett på brystet til den døde under opptog frå bilen. Den tredje er sett på magen når han er komen inn i krematoriet. I krematoriet blir det tent ei lita oljelampe (diwali-lampe) eller teljos som den hovudsørgjande held i handa, samtidig som han ber ei leirkrukke med vatn på skuldra. Han går tre gonger rundt den døde, og eit hol blir slått i leirkrukka for kvar tur.

Kista blir deretter flytta til kremeringsrommet. Den hovudsørgjande tenner eit levande ljos som er lagt på toppen av kista. Ljoset symboliserer tenninga av kremeringsomnen. Etter kremering blir oska sendt i ei urne til India for å bli strøydd i den heilage elva Ganges.

Gravritualet varer i 12 dagar. Under denne perioden er dei sørgjande rituelt ureine. Dei må ikkje dra til templet og må dekkje til alle religiøse bilete og figurar dei har heime. Familie-medlemmane søv på golvet og et berre vegetarkost. Kvar formiddag i 11 dagar får den eldste sonen − som hovudsørgjande − rettleiing i ritualet frå presten. På den tolvte dagen blir eigedelar frå sonen gjevne til velgjerd.

Kvar månad i det fyrste året etter dødsfallet, blir det ofra ein pinda-risbolle og ei skål vatn til minne om den døde. Ei enke vil viske ut sitt ekteskapsmerke (sindoor) og gå kledd i ein kvit sari i eitt år etter mannens død. Søner vil halde ein minneseremoni på dødsdagen så lenge dei er i live.

Publisert 24. mars 2020 12:35 - Sist endra 18. mai 2020 08:26