English version of this page

Islam

Når døden nærmar seg skal ein muslim resitere islam sin mest grunnleggjande setning: "Det er ingen annan gud enn Allah, og Muhammed er hans profet".

Bildet kan inneholde: fotografi, svart og hvit.

Lova vera Gud, all verdas Herre.
Han, den Miskunnsame, den Nåderike
Han, Herren over domens dag.
Deg tilber vi, vi søkjer hjelp hjå Deg.
Lei oss på den rette veg!
Deira veg som du har belaga glede,
ikkje deira, som har vakt Din vreide,
eller deira, som har vald den falske lei.

– Opningsbøna frå Koranen

Når døden nærmar seg skal ein muslim resitere islam sin mest grunnleggjande setning: "Det er ingen annen gud enn Allah, og Muhammed er hans profet". Dersom den døyande ikkje klarer å seie noko, vil ein som er til stades kunne seie det for han.

Ifølgje muslimske tradisjonar skal døde helst gravleggjast innan 24 timar. Ein avdød mann blir vaska av ein mannleg familiemedlem eller av ein imam. Ei avdød kvinne blir vaska av ein kvinneleg familiemedlem eller ei jordmor. Liket blir lagt med armane langs sida, og sveipt i kvitt lintøy.

Før gravferda skal gravferdsbøna resiterast. I muslimske land finst det eigne stader som er reservert for dette, men i Noreg blir kista køyrt til moskeen i bårebil. Bøna tek berre nokre minuttar, og kista blir frakta vidare anten til gravlunden eller flyplassen for transport til heimlandet.

På oppstodas dag skal alle gode sjeler bli vekt direkte frå gravene sine for å leve evig liv. Derfor skal muslimar ikkje kremerast. Kroppen skal gravleggjast liggjande på høgre side og med ansiktet vendt mot Mekka. Det er vanleg for dei som deltek i seremonien å kaste tre handfullar jord på grava medan dei seier: "Og av jord har Vi skapt dykk, og til den lar Vi dykk vende tilbake, og av den skal Vi la dykk stå fram ein gong til".

Ifølgje islamsk tru kjem ein av Guds englar til gravstaden straks etter at gravferdsseremonien er fullført for å undersøkje om den døde har levd eit godt liv utan synd. Under "domsforhøyr" vil engelen spørje om kva den avdøde veit om Gud og profeten. Då vil bønene til dei som er til stades også hjelpe den døde.

Ifølgje muslimske tradisjonar skal gravstader vera enkle, utan pynt og prakt. Mange muslimske graver er derfor anten umerka, eller berre merka med ein grankrans eller ein busk. Likevel er omtrent halvparten av gravene på muslimske gravlundar i Oslo merka med gravstein. Det er ein tendens at fleire og fleire pårørande vel å setje opp ei gravstøtte for å ha ein stad å kome tilbake til.

Publisert 24. mars 2020 12:28 - Sist endra 18. mai 2020 08:26