English version of this page

Jødedommen

Sidan menneske er forma i Guds bilete, skal ein død kropp ikkje endrast.

Bildet kan inneholde: gul, blad, font, tre, anlegg.

Kroppen skal vende tilbake til jorda den kom ifrå. Derfor er jødisk tradisjon mot kremering, organdonasjon og balsamering. Liket blir vaska av rituelle ekspertar − i Oslo frå den jødiske gravferdsforeininga Chevra Kadisha −  blir lagt i ei enkel, umåla kiste og gravlagd så raskt som mogeleg.

Når pårørande høyrer at ein av deira nærmaste er død, riv dei ei flengje i ytterplagget sitt. Flengja er teikn på sorg, på at familiens hjarter rivnar. Flengja symboliserer også at kroppen er som eit ytterplagg for sjela: Døden riv i det ytre, medan den udøyelege sjela lever vidare.

Jødiske gravferdsseremoniar er enkle, og består av Kaddish-bøna, salmesong og ei tale. Kaddish er ein lovprising av Gud som representerer idear om kontinuitet. Gravfølgjet stoppar vanlegvis ti gonger på vegen til grava − ein gong for kvar strofe i salma som blir sunge. Blomarr er ikkje vanleg i jødiske gravferder, men donasjonar blir ofte gjeve til stiftingar til minne om den døde. Ved grava blir tre skuffer jord kasta på kista av dei mannlege sørgjande. Når besøkjande forlet gravstaden vaskar dei hendene for symbolsk å reinse seg for dødens ureinskap.

Det finst ulike sørgjeperiodar i tida etter gravferda: Shiva varer ei veke etter gravlegginga. Dei fyrste tre dagane sørgjer familien aleine sitjande på låge stolar, medan de siste fire dagane blir dei vitja av vener som bringer matgåver og gjev trøyst. Sheloshim varer i tre veker etter shiva. Familien klipper ikkje håret eller barberar seg, men kan elles arbeide med daglege gjeremål. Kaddish-bøna blir resitert kvar dag. I dei neste ti månadane blir kaddish-bøna resitert kvar sabbat til minne om den avdøde. På årsdagen etter dødsfallet (yahrzeit) blir gravstøtta avduka. Familien held ein samankomst ved grava der dei legg ein liten stein på toppen av gravstøtta som teikn på merksemd. I Noreg er det tradisjon for at familiar ikkje vitjar grava før denne dagen.

Stort og heilag er ditt opphøgde namn i verda,
som du har skapt etter din vilje.
La ditt rike kome snarleg, om kort tid,
for oss og heile Israel!
Sei dertil: Amen!
Ditt store namn vera prisa,
til evig tid og i evigheiters evigheit.
Lova og prisa og herleggjort og opphøgd,
oppløfta, æra, rosa og lovprist
vorde den heilages namn,
han som lyder for han her i verda.
Sei dertil: Amen!
Gjev at heile Israels audmjuke bøner må bli mottatt
av vår Fader i himmelen!
Sei dertil: Amen!
Hans namn vera lova frå no av og i all evigheit.
Gjev at himmelens fred og liv i rikt monn må kome
over oss og heile Israel!
Sei dertil: Amen!
Han som stiftar fred i sine høge himlar,
han stifte fred for oss og heile Israel!
Sei dertil: Amen!

– Kaddish-bøna

Publisert 24. mars 2020 12:24 - Sist endra 18. mai 2020 08:26