English version of this page

Krigergrava frå eldre jernalder

Ein gong mellom år 220 og 250 e.Kr. blei en mann i 25-30 årsalderen stedt til kvile i ein gravhaug på garden Ås i Sande, Vestfold.

Bildet kan inneholde: bord.

Eit uvanleg omfangsrikt våpenutstyr følgde han på likbålet, blant anna tre langsverd, tre lanser, tre spyd, tre knivar og antakeleg tre skjold. Smelta gullfragmenta frå ein fingerring eller beltespenne, og eit sjeldan drikkehornsbeslag i form av eit oksehovud fortel at den døde høyrde til samfunnets toppsjikt. Kappa hans var halden saman av ei spenne av jern etter tidas mote.

Mange av knoklane, særleg frå ryggrada, er svakt brunne, noko som kan tyde på at den døde har lege på rygg med likbålet over seg. I tillegg fanst bjørneklør, antakeleg frå ein bjørnefell, som den døde kan ha lege på.

Branngravskikk og gravlegging blei praktisert side om side på Austlandet på 200-talet. Typisk for branngravene er at utstyret blei gjort ubrukeleg på ein eller annan måte. Her ser vi at skjoldbulene er kutta opp og sverda er falda nøye saman.

Kva fortel dette funnet om førestellingar om døden og livet etter døden i jernalderens Noreg? Dei døde blei ofte utstyrt med våpen, reiskapar, smykke og drakttilbehør som er identiske med dei som dei brukte i levande live. I nokre få tilfelle ser vi at utstyret er ubrukt, eller spesielt laga for grava. Dei tre sverda kan vera eksempel på dette. Vanlegare er det at gjenstandane er øydelagt av rituelle årsakar, som våpna i denne grava.

Vi kan aldri vite med sikkerheit korleis menneske i eldre jernalderen såg for seg livet etter døden. Kanskje atterspeglar gravene eit dødsrike som liknar det jordiske? Ein stad der ein trong det vante utstyr og opprettheldt sin posisjon og rang i samfunnet?

Publisert 24. mars 2020 12:10 - Sist endra 18. mai 2020 08:26