English version of this page

Kristendommen

Døden er heilt sentral i kristendommen.

Bildet kan inneholde: grav, cemetery, svart og hvit, velsignelse.

Det Nye Testamentet fortell at gjennom sin død gjorde Jesus Kristus opp for menneska sine synder gjennom all tid. Tre dagar etter at han døydde skal Jesus ha stått opp frå dei døde og blei teken opp til himmelen. Truande kristne meiner at ein dag i framtida skal Jesus kome tilbake til jorda for å døme levande og døde for å fullføre skapinga ved å opne Guds rike. Nattverds-ritualet blir sett på som ei førebuing til denne dagen. Nattverden referer til det siste måltidet Jesus hadde med disiplane sine, då han gav dei brød og vin som skulle symbolisere hans kropp og blod, og sa at "den som et min kropp og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen" (Joh. 6:54).

Meir enn 95% prosent av alle som døyr i Noreg blir gravlagde etter liturgien til Den norske kyrkje. Med fleire personer som høyrer til andre trusretningar, vil dette sannsynligvis endre seg etterkvart.

Når ein medlem av Den norske kyrkje døyr, blir presten på staden underretta. Når menneske døyr utan pårørande i nærleiken, har presten til oppgåve å underrette dei så snart som mogeleg (gå med sørgjebod).

Gravferdsveka

Den norske kyrkja har ingen reglar for kor snart gravferd skal finne stad, men ifølgje gravferdslova skal gravferd normalt gjennomførast innan åtte dagar etter dødsfallet.

I samband med utkjøring av den døde frå pleieinstitusjonar kan ei båreandakt haldast. Båreandakt blir ofte knytt saman med ei syning av den døde i open kiste i pleieinstitusjonens kapell − ei slags vidareføring av tradisjonen av å 'liggje på likstrå'.

Den kristne gravferda slik den blir praktisert av Den norske kyrkje, er ei gudstenesteleg handling. I kyrkja eller kapellet der gravferdsseremonien blir halden, blir det ringt med kyrkjeklokker og det blir sunge songar dei pårørande har vald. Presten held ei minnetale, ber for den døde og preikar for tilhøyrarane om det kristne synet på livets forgjengelegdom, dommedag, om å vera førebudd på døden og oppstoda og evig liv. Kista og plassen omkring er gjerne overdådig og fargerikt pynta med kransar og blomeoppsatsar. Presten eller dei pårørande les ofte opp helsingane på kransane og blomebukettane. I mange tilfelle vil ein av dei pårørande også halde ei minnetale.

Dersom det er ei gravlegging, blir kista boren ut og til grava. Her kastar presten tre gonger jord på kista, medan han seier: Av jord er du komen. Til jord skal du bli. Av jord skal du atter oppstå. Dersom den døde skal kremerast, utfører presten jordpåkastinga inne i kapellet og kista blir senka ned i golvet.

Både gravlegging og kremasjon er vanleg blant kristne i Noreg i dag. Ofte er det praktiske forhold som bestemmer, for eksempel om det finst eit krematorium i lokalsamfunnet.

Publisert 24. mars 2020 12:19 - Sist endra 18. mai 2020 08:26