English version of this page

Livet blir ofte omtala som ei reise. Døden også.

Både på norsk og andre språk seier vi at vi går bort, reiser til det neste liv, til dei evige jaktmarker, vandrar hen og mykje anna.

Bildet kan inneholde: seilbåt, kjøretøy, skip, båt, høyt skip.

Det finst mange symbol på reiser som er forbunde med døden. I kristne kyrkjer heng det ofte skipsmodellar som symboliserer reisa over livets hav mot himmelrikets hamn. Thomas Kingo skildrar denne reisa i ein salme frå 1600-talet:

Lad Kirke-Skibet faa
Ti Tusind Stød paa Side
Dog skal vel Jesus vide
Hvor det sin Havn skal naa
 

Skip var viktige element i kristendommen allereie frå rundt år 200 − då Clemens frå Alexandria bad "La dua eller fisken, ankeret eller fartøyet sjølv som blir drive fram av vinden vera vårt merkje".

Muslimar meiner at etter oppstoda skal alle menneske krysse brua Al Sirat som er på vegen til himmelen. Brua er tynnare enn eit hårstrå og skarparar enn eit sverd. Dei som har levd eit godt liv, passerar brua lett, leidd av profeten Muhammed. Dei som har vondskap i seg mister balansen og fell ned til helvete.

Mange hinduar meiner at menneskesjela forlet dette livet og blir atterfødd på ny på same måte som passasjerar kan forlate eit skip for så å stige ombord i eit anna. Skip er berre hjelpemidlar til å reise med, og det våre kroppar også. Men ifølgje hinduforteljingar kan denne reisa likevel vera anstrengjande, og menneskesjela har godt av å bli hjelpt undervegs − f.eks. av heilage kyr for symbolsk å krysse Vaitarani Nadi - dødens elv.

Buddhistar meiner også at anden til den døde har ein periode der den vandrar før atterfødinga. Gjennom bønn og ofringar kan dei levande bidra til å hindre at anden mister vegen sin under reisa.

Vikingane la ofte sine døde i skip for å sikre dei framkomstmidlar i det neste liv. Nokre skip blei brende, andre − slik som Oseberg- og Gokstadskipa − blei gravlagde heile. Slik skildra den reisande muslimske arabiske kjøpmannen Ibn Fadlan viking-dødsritual i år 922:

For den fattige blant dei lagar dei eit lite skip, legg han i det, og brenner det. Men når det gjeld ein rik mann, så samlar dei heile hans formue og delar den i tre like store delar. Ein tredjedel går til hans familie, for ein annan tredjedel lagar dei likklede til han, og for den siste tredjedelen bryggjar dei øl, som dei drikk den dagen trælkvinna hans drep seg, og blir brent saman med sin herre.
Publisert 24. mars 2020 11:47 - Sist endra 18. mai 2020 08:26