English version of this page

Nye og nygamle skikkar

Å tenne ljos ved ulykkestader er ei uttrykksform som er lånt frå katolske tradisjonar, men som i dei seinare åra har blitt meir og meir vanleg i Noreg.

Bildet kan inneholde: tre, biome, leirdueskyting, anlegg, gress.

Perioden 1960-1980 var prega av ein privatisering av gravferd i Noreg. Det var nærfamilien som deltok i ritualet, framfor bearlag og storslekt. Dei siste åra har det grodd fram ei fornya interesse for breiare deltaking ved livets overgangar. Og hjå mange er denne interessa knytt til behovet for å finne nye uttrykk og ny meining − anten innanfor eller utanfor dei etablerte religiøse retningane.

Auken i talet på gravstader utanfor dei offisielle kyrkjegardane og strøing av oske i høgfjellet kan sjåast i samanheng med auka medlemskap i nyreligiøse rørsler og ynske om personleg tilpassing av ritual. Gravferdslova av 1996 opnar for dette:

Når det finst underskriven og datert erklæring om det frå person som har fylt 15 år, kan fylkesmannen etter vedkommande sin død gje løyve til at den som sørgjer for gravferda spreier oska for vinden. Fylkesmannen kan setje vilkår for løyvet. Ved slik gravferd kan ein ikkje krevje kyrkjeleg medverknad.

Å tenne ljos ved ulykkestader er ei uttrykksform som er lånt frå katolske tradisjonar, men som i dei seinare åra har blitt meir og meir vanleg i Noreg. Det spontane sørgjeritualet etter kong Olavs død i 1991, eller marsjen med tusenvis av sørgjande til Baneheia i Kristiansand etter barnedrapa i 2000, viser korleis menneske finn nye måtar å vise medkjensle på.

Biskop Gunnar Stålsett skriv:

Tradisjonelt har den protestantiske kirke hatt et svært nøkternt forhold til de døde. I den senere tid har vi sett en slags folkereligiøs protest mot denne nøkternhet. På 50-tallet sluttet vi gradvis å gå kledd i sort etter at en person som sto oss nær var død. I dag vil vi igjen ha mer symbolikk og ritualer, og man har fått en større åpenhet overfor mysteriet. Utslag av dette er et svært naturlig forhold til lystenning, både i kirker, på graver og på steder der det har skjedd dødsulykker. Dette er en katolsk tradisjon som Kirken ikke har vært så åpen for, men som har trengt igjennom som et folkereligiøst behov. Det er også blitt vanligere at bekjente, venner og familie av en avdød legger brev og hilsener på stedet der personen døde. Dette synes jeg uttrykker en gudstro og en lengsel etter en samhørighet bakenfor dette livet, som har kommet sterkere de siste årene. Vi kan ha godt av å se på andre kirkesamfunn og andre religioner i forhold til de døde, og gi sorgen og savnet nye uttrykk.

– Aftenposten Aften 6.8.99

Tenk over følgjande spørsmål:

  • Kan vi setje vår eiga sorg i eit breiare perspektiv gjennom å sjå korleis ulike religionar og kulturelle grupper handterer døden?
  • Kan moderne menneske mette sine andelege lengslar ved å låne rituelle uttrykk frå andre kulturar og tidlegare tider?
  • Leier ei endring i korleis vi ser på døden til ein endring i korleis vi ser på livet?
Publisert 24. mars 2020 12:44 - Sist endra 18. mai 2020 08:26