Pedagogisk opplegg

Arbeidsoppgåver, diskusjonsgrunnlag og kjelder til vidare arbeid med temaet for utstillinga Far Vel - Livets slutt i det fleirkulturelle Noreg.

Opplegget er laga for elevar i ungdoms- og vidaregåande skule. Dei fleste arbeidsoppgåvene eignar seg for samtale og samarbeid. Med dette spesielle temaet er det viktig at elevane får uttrykkje seg og kjenne kontakt og respons kontinuerleg i fellesskapet. Universitetets kulturhistoriske museer tilbyr gratis omvisingar i utstillinga etter avtale, og kan også tilby framsyning av film i samband med omvisingar.

Læringsmål for utstillinga

  • Elevane får mogelegheit til å sjå samanhengar mellom dei ulike religionanes forklaringar om det neste livet og praksis rundt døden.
  • Elevene får informasjon om korleis dei ulike religionane i dag steller og høver seg til den døde kroppen. I historisk perspektiv blir gravlegging i Noreg på 1800-talet vist, og ei grav frå jernalder, ca. år 200 e.Kr.
  • Elevene får ei visuell forståing av hovudtrekka ved de ulike religionanes behandling av sine døde. Dei estetiske og materielle særtrekka ved dei ulike religionane, likskapar og ulikskapar.
  • Elevene får ei oppfatning av sorguttrykk i dei ulike religionane.
  • Lærer dei store religionanes hovudsymbol og bakgrunn for bruken av dei.

Generelle spørsmål

  • I fleire religionar blir reisa brukt som bilete på kva som hender etter at eit menneske døyr. Kva gjenstandar og symbol finn du som eksempel på dette?
  • I nokre religionar blir det som skjer etter døden forklart med at mennesket eller sjela kjem til ein annan stad/ ei anna røynd. I kva religionar finn de eksempel på denne forklaringa?
  • Kva religionar forklarer døden med atterføding i denne verda?
  • Finn eksempel på førestellingar om mogelegheita for å overføre verdiar frå denne verda til eit anna liv.
  • Kva samanheng kan du finne mellom oppfatningar av "eit anna liv" og korleis ritual blir praktisert?
  • Teikn symbola for dei religionane som er representert i utstillinga.
  • Når blei Noregs fyrste krematorium tatt i bruk? Kva argument blei brukt for og imot kremasjon i Noreg?

Gravskikk i Vestfold i eldre jernalder

Ein gong på 200-talet etter Kristi fødsel blir ein gravhaug reist for ein død mann i Sande i Vestfold. Kroppen blir brunne og beinrestane lagt i grava saman med ei rekkje gjenstandar, bl.a. sverd, spyd, lanser, skjold, knivar, drikkehorn, beltespenne og nokre fragment av gull.

Diskuter følgjande spørsmål med utgangspunkt i gjenstandane som låg i gravhaugen:

  • Kven kan denne mannen ha vore?
  • Var han rik eller fattig?
  • Kvifor fekk han gjenstandane med i grava?
  • Kva slags førestelling hadde han om livet etter døden?
  • Han fekk med seg eit drikkehorn. Kva kan dette bety?
  • Dei tre sverda blei rulla tett saman før dei blei lagt i grava. Skjoldbulene (i midten av skjoldet) var også bevisst øydelagt. Korleis kan dette forklarast?
  • Kva fortell våpenfunna om dåtidas samfunn?

Kristendommen

  • Kva er nattverdsritualet?
  • Kva er ei båreandakt?
  • Under eit kristent gravferdsritual blir jord kasta på kista tre gonger. Finn eksempel i andre religionar som inkluderer jordpåkasting som ein del av gravferdsritualet.
  • Kvifor blir mange kristne gravlagde med hovudet mot vest og ansiktet mot aust?

Jødedommen

  • Når ein jøde høyrer at ein nær slektning er død, riv han eller ho ein flengje i sitt yttertøy. Forklar kvifor.
  • Kva betyr småstein på toppen av ei jødisk gravstøtte?
  • Kva sørgjeperiodar er vanleg i den jødiske tradisjonen?
  • Dei fyrste tre dagane etter eit dødsfall sørgjer ein jødisk familie alene, sitjande på veldig låge stolar. Dei låge stolane symboliserer at menneske har eit samband med jorda, og skal tilbake til jorda etter døden. Finn eksempel hjå andre religionar på idear om tilbakevending til eit opphav.

Islam

  • Kva setning må ein muslim resitere før han/ho døyr?
  • I kva retning skal ein muslim gravleggjast?
  • Mange muslimske graver er anten umerka, eller berre merka med ein krans eller busk. Kvifor?

Buddhismen

  • Korleis føresteller buddhistar seg det som skjer etter døden?
  • Kva blir den idealtilstanden kalla som buddhismen reknar som løn for eit jordisk liv som er levd etter Buddhas lære?
  • Kva farge viser sorg under eit buddhistritual?

Hinduismen

  • Hinduar reknar kua som eit heilag dyr. Kva rolle har kua for eit menneske som er dødt?
  • Kvifor skal ein hindu kremerast?
  • Ein veda er ein heilag hindutekst. Finn eksempel på heilage skrifter i andre religionar.

Sikhismen

  • I minnesamværet etter ein sikhkremasjon blir parsad brød/ pudding delt ut som symbol på Guds nåde. Finn eksempel i andre religionar på mat som er brukt i ritual.
  • Kva fem ting burde vera med i kista under en sikhkremasjon?
  • Korleis skal oska behandlast etter ein sikhkremasjon?

Gravferd utan Gud

  • Kvar kan ein halde ikkje-religiøse gravseremoniar?
  • Kva er Human-etisk forbund?

Nye og nygamle skikkar

  • Når blei lova godkjent som tillét strøing av oske i naturen etter kremering? Kven er det som skal godkjenne søknader om oskestrøing?
  • Nemn eksempel på nye skikkar som er forbunde med døden i Noreg.

Forslag til vidare arbeid

  • Lag eit intervju med nokre eldre menneske der du bur, og finn ut korleis ei gravferd gjekk føre seg då dei var barn. Er det noko forskjell i forhold til korleis gravferder er ordna i dag?
  • Finn symbol frå ulike livssyn i dødsannonsar i avisene. Kva representerar dei ulike symbola?
  • Sjå på eksempel på nekrologar frå avisa. Skriv ein nekrolog over ein kjent person.
  • Mange filmar, romanar og barnebøker handlar om døden. Finn eksempel, og diskuter korleis døden blir behandla i dei ulike media.
  • Les forteljinga Rama og ferjemannen. Kva andre religionar lærer at dei døde må krysse ei elv undervegs til eit nytt tilvære?
  • Samanlikn idear om skjebne i eventyret "guten med øldunken" frå Asbjørnsen og Moe http://www.reisenett.no/eventyr/html/asbjornsen0.htm#B og forteljinga "Døden som skjebne"  (Attdikta av Walid al-Kubaisi i boka "Norske poteter og postmodernistiske negre". Oslo: Kulturbro forlag, 2000.)
  • Kva slags bilete av dødsriket får vi i forteljinga "Vener i liv og død" av Asbjørnsen og Moe? http://www.reisenett.no/eventyr/html/asbjornsen11.htm#D
  • Les boka "Brødrene Løvehjerte" og diskuter bokas syn på liv etter døden.
Publisert 25. mars 2020 14:56 - Sist endra 18. mai 2020 08:26