Rama og ferjemannen

Rama er ein inkarnasjon av hinduguden Vishnu på jorda.

Bildet kan inneholde: vanntransport, kjøretøy, roing med vannscootere, båt, båtliv.

Ein dag ynskte Rama å ta ferja over Gangeselva. Då han skulle stige om bord, ropte båtmannen "Tilgje meg min herre, men eg kan ikkje tillate at du stig inn i båten før eg har vaska føtene dine. Eg veit at sjølve støvet under føtene dine kan få ein stein til å bli ei vakker kvinne. Dersom båten min blir forvandla til ei kvinne, har eg ikkje lenger noko levebrød".

Rama støtta seg med hendene på båtmannens hovud medan båtmannen vaska føtene hans. Så kryssa dei elva, og Rama spurte kor mange pengar han skulda. Båtmannen svara: "Eg er ansvarleg for trafikk over denne elva. Men eg veit at du er ansvarleg for trafikken over vaitarani nadi - dødens elv. Du skuldar meg ingenting dersom du lovar at eg og familien min får krysse dødens elv seinare og bli atterfødd på jorda".

Båtmannen fekk faktisk to velsigningar av Rama. Den fyrste var då Rama heldt hendene over hovudet hans, og seinare lovnaden om hjelp etter døden.

Publisert 24. mars 2020 12:53 - Sist endra 18. mai 2020 08:26