English version of this page

Respekten for kroppen

Alle menneske legg att en kropp når dei døyr som deira etterlatne har ansvar for å gje ein verdig behandling.

Bildet kan inneholde: fotografi, rom, laken, seng, møbler.

Eit dødsfall på sjukehuset blir kalla for mors. Etter at sjukepleiarane har skrive ein mors-rapport og legen har diktert dødsattesten, vil sjukepleiarane prøve å få det fint og ryddig i rommet til den døde. Medisinsk utstyr blir fjerna, ein kvit duk blir lagt på senga, den døde får hakebind og blir lagt på ryggen med armane ned. Tøyet blir teke av, og kroppen får full vask. Hår og neglar blir stelt, og den døde blir kledd med eventuelt spesielt ynskt tøy før han blir pakka inn i eit kvitt laken. Pårørande vil ofte bli spurt om dei ynskjer å vera med på å stelle den døde.

Ofte vil pårørande ynskje å stelle den døde, også etter at sjukepleiarane er ferdige. Dette kan vera av religiøse årsaker, eller bare eit ynske om å vise omsorg ein siste gong. Innanfor islam skal den døde sin kropp blir vendt mot Mekka og vaska av ein truande muslim av same kjønn. Ullevål sjukehus i Oslo har for eksempel eit stellerom som er spesialtilpassa for muslimske reinsingsritual  med flisar som markerer den rette retninga.

Alle menneske legg att ein kropp når dei døyr som deira etterlatne har ansvar for å gjera noko med. Idear om ein verdig behandling av denne kroppen og ein passande stad for den, har variert i Noreg de siste to tusen år. Kremering, gravlegging i gravhaug, under kyrkjegolv, i mausoleum og på kyrkjegard og gravlund var alle vanlege skikkar under ulike periodar.

Skal den døde sin kropp sendast 'heim' på eitt eller anna vis?

Når menneske døydde til sjøs i tidlegare tider, var det ofte umogeleg å oppbevare kroppen om bord til ein nådde land. Kapteinen eller skipspresten leia ein minneseremoni og den døde blei senka i djupet. Situasjonen er annleis i dag, nesten alle moderne skip har kjølerom der kroppen kan takast vare på til skipet kjem i hamn. Kapteinens jobb no blir å ta kontakt med eit lokalt gravferdsbyrå i framkomstlandet og undersøkje om pårørande ynskjer den døde gravlagd i utlandet eller sendt tilbake til Norge.

På småstader i Noreg i dag er det framleis vanleg med familiegravstader som rommar mange generasjonar. I byane er familiegrav ikkje lenger vanleg, sjølv om gravlundane opnar for å tinge grav i 'dobbel djupn og dobbel breidde' som kan omfatte fleire frå same slekt. Mest vanleg i dag er å tinge ny grav for kvart familiemedlem.

Ifølgje islam skal ein muslim alltid graveleggjast. Nokre vel gravlegging i ein av dei muslimske gravlundane i norske byar. Andre blir sendt til utlandet for å kunne gravleggjast saman med familien. For eksempel er tilbakesending til Pakistan veldig vanleg sidan rimeleg frakt på direktefly er mogeleg to gonger per veke frå Oslo.

I 1888 var det heftig debatt i Luthersk Ukeskrift om innføring av krematorium i Noreg. Dei som var for kremasjon argumenterte med at kyrkjegardar i byane var sunnheitsfarlege på grunn av dei konstante rotningsprosessane som skjedde der. Kremasjonsforkjemparane meinte også at det var betydeleg samfunnsøkonomiske innsparing i å investere i krematorium. Det var fyrst 10 år seinare, i 1898, at Noreg fekk ei lov som tillét kremasjon.

Norges fyrste krematorium opna i Bergen i 1907. Dei fyrste åra var det få som nytta seg av tilbodet, men i Oslo i dag blir ca. 80% av alle døde kremert. Moderne kremering føregår i elektriske eller gassfyrte omnar som brenn på ca. 900 grader celsius. Brenneprosessen tek cirka ein time. Etterpå blir oska og eventuelle beinrester kverna saman til eit fint støv før det blir sett i ei aluminiumsurne saman med ei keramisk brikke som identifiserer oska.

Medan den fyrste kremasjonsdebatten berre handla om helse, dreia ein mediedebatt i 1951 seg om likbrenning var teologisk forsvarleg. Mange meinte at kremasjon var ein heidensk skikk som kristne i Noreg hadde forlate 1000 år tidlegare, og som var synd ifølgje Bibelen. Andre sa at det Gamle Testamentet viser til gravlegging som ein kristen skikk, men ikkje eksplisitt forbyr kremering. Desse meinte at uansett blei mange av det Gamle Testamentets seremonielle lovar oppheva av det Nye Testamentet.

Den romersk-katolske kyrkja oppheva sitt forbod mot kremering i 1963. Ortodoks kristendom har framleis ikkje godkjent kremering.

Publisert 24. mars 2020 12:03 - Sist endra 18. mai 2020 08:26