English version of this page

Sikhismen

Gjennom å leve eit liv etter Guds plan, kan menneske bryte atterfødings-syklusen allereie i dette livet.

Bildet kan inneholde: hvit, fotografi, kjole, brude tilbehør, bryllupskjole.

Sikhar trur på at sjela blir fødd på ny etter døden  i likskap med hinduar og buddhistar. Men sikhane meiner at gjennom å leve eit liv etter Guds plan, kan menneske bryte atterfødings-syklusen allereie i dette livet.

Når døden nærmar seg, vil slekt og venner bli tilkalla for å vera saman med den døande og lese høgt frå den heilage boka Guru Granth Sahib. Døden skal ikkje vera sørgjeleg. Det er "forbode" å gråte:

Døden som menneske fryktar gjev meg berre glede!
Det er gjennom dødens port at vi blir foreina på ny med Sæla sin Herre.

(Saloka, frå Guru Granth Sahib s.1365)

I Noreg blir ein død sikh vaska i heimen eller på sjukehuset, kledt i reine klede og lagt i ei kiste som blir pynta med blomar og kransar. Dersom den døde tidlegare har gått gjennom dåpsritualet Amrit, vil fem symbol på sikh-medlemskap følgje med i kista: Kesh (uklipt hår), Karra (jernarmband), kachehra (ein spesiell type undertøy), kirpan (sverd) og kangha (kam). Pårørande og vener køyrer i prosesjon til krematoriet. Loket blir tatt av kista for å gje dei frammøtte eit siste glimt av den døde, og medan dei syng hjelper alle til å bera kista inn i krematoriet, der diktet Sohila blir lese opp. Ein mannleg pårørande følgjer deretter den døde til kremasjonsomnane for å slå på brytaren som tenner omnane. Oska blir seinare henta for å bli strøydd ut i rennande vatn. Pårørande sender vanlegvis oska til India, men etter gravferdslova av 1996 er det lov med oskespreiing i Noreg etter søknad til fylkesmannen. Dei sørgjande samlast etter kremasjonen i gurduara-templet eller privat for opplesing av dikta Ramkali Sad, Anand Sahib og Ardas, og også utdeling av parsad, eit slags brød/pudding som er eit symbol på Guds nåde. I ti dagar etter døden blir Guru Granth Sahib regelmessig lest eller sunge for å lindre sorga til pårørande. Sjela til den døde treng derimot ikkje vidare støtte, den skal allereie vera i forvaring hjå Gud.

Publisert 24. mars 2020 12:38 - Sist endra 18. mai 2020 08:26